Nytt nei til berekraftselskap
Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet sikrar fleirtal mot å etablere Norsk Berekraftsenter.
SISTE: Vedtok utsettelse
Etablering av Norsk Berekraftsenter, med Møre og Romsdal Fylkeskommune som medeigar, har blitt eit omstridd spørsmål i fylkespolitikken.
Administrasjonen i fylket har foreslått at fylkeskommunen skal skyte inn inntil to millionar kroner i selskapet, som skal vere eit paraplyselskap for å samle og samordne fylket og kommunane sitt arbeid med berekraft.
Fylkesutvalet har allereie utsett framlegget ein gang, og når fylkesutvalet møtes i kveld vil framlegget bli utsett på nytt.
Både Høgre, Senterpartiet og Framstegspartiet stadfestar til NETT NO at dei vil stemme for å utsette saka, og dei har fleirtalet i fylkesutvalet.
Ba om meir informasjon
På førre møte i fylkesutvalet fekk fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik frist til 20. juni til å legge fram meir informasjon om det planlagte selskapet Norsk Berekraftsenter As, og kvifor Møre og Romsdal fylkeskommune skal vere medeigar.
Klikk her for å lese saksdokumenta til fylkesutvalet
Fylkestinget i Møre og Romsdal har møte i Fosnavåg i mandag 20. - onsdag 22. juni, og Fylkesutvalet møtes i samband med møtet i Fylkestinget.
Når fylkesutvalet nok ein gang utset saka om etablering av Norsk Berekraftsenter kjem saka ikke opp på fylkestinget denne gangen.
Minoritetseigar
Til saman 20 millionar kroner skal hentast inn i ei kapitalutviding i Norsk Berekraftsenter As, der fylke og kommunar ikkje skal eige meir enn 25 prosent av aksjane, ifølgje framlegget.
Kven resten av aksjonærane skal vere er berre delvis opplyst.
I sitt tredje driftsår - 2025 - skal selskapet ha 30 millionar kroner i inntekter og 25 millionar kroner i kostnadar, ha fått ein internasjonal marknad og ha 20 tilsette, ifølgje utkastet til forretningsplan som er lagt ved framlegget til det første møtet i Fylkesutvalet.
Ålesund kommune har vedtatt å bli medeigar i Norsk Berekraftsenter, formannskapet i Molde har tilrådd av Molde kommune skal seie jja og Kristiansund kommune har utsett avgjerda til etter sommarferien.
Publisert: 20.06.2022 13:57
Sist oppdatert: 27.03.2023 14:27