Nordre Innovasjonsforum foto Haram kommune 1
REETABLERER NÆRINGSFORUM F.v. Arnt Inge Gjerde, Tommas Brugrand, Catrine Myklebust, Inger Synnøve Remme, Rune Longva, Juuni Vatne, Norun Sønderland Nustad, Håkon Sæterøy, Jan-Magnus Knudsen, Vebjørn Krogsæter, Arvid Sundli, Arild Eiken og Anne Seth. Foto: Haram kommune
Nytt

Nytt næringsforum for Haram og Sandøy

Haram Næring og Innovasjonsforum forsvann etter kommunesamanslåinga. No kjem eit nytt alternativ.

18.06.2025

I 2022 vedtok Haram Næring og Innovasjonsforum og Næringsforeningen Ålesundregionen å slå seg saman. Den samanslåinga vart ståande sjølv om Haram fekk attende status som eigen kommune.

No er Nordre Innovasjonsforum etablert, for næringslivet i Haram og tidlegare Sandøy kommune.

Ifølgje ei pressemelding er ikkje målet å gjere om på samanslåinga i 2022, men å vere eit supplement:

"Nordre Innovasjonsforum ønsker å vere eit lokalt supplement til Næringsforeningen i Ålesundregionen og vil ivareta samarbeid med dei i det vidare arbeidet.", heiter det i ei pressemelding.

Tek same rolle
Nordre Innovasjonforum tek på seg mange av oppgåvene tidlegare Haram Næring og Innovasjonsforum arbeidde med:

"Nordre Innovasjonsforum skal fungere som eit ressurssenter for læring, og stimulere til idéskaping og næringsutvikling i regionen. Forumet skal óg vere kjent for tett samarbeid med Haram kommune, utdanningsinstitusjonar og andre instansar og organisasjonar på lokalt og regionalt nivå.

Gjennom strategiske samarbeid skal Nordre Innovasjonsforum sørge for at det blir arbeidd på ein god og systematisk måte med næringsutvikling på Nordre. Forumet ønsker å ta tak i saker som omhandlar gode rammevilkår for det lokale næringslivet, inkludert å sikre tilgang på nødvendig kompetanse og arbeidskraft. Mellom anna vil utvikling av Haram vidaregåande skule bli ei viktig sak framover.", heiter det i pressemeldinga.

Næringslivet tok initiativet
Initiativet til å etablere Nordre Innovasjonsforum kjem frå bedriftene.

- Næringslivet såg eit behov for ein sterk, lokal møteplass som kan samle næringsliv, kommune og utdanningsinstitusjonar, og stimulere til utvikling i Haram og gamle Sandøy. Difor tok næringslivet sjølv initiativet til å starte Nordre Innovasjonsforum. Dette forumet er viktig for å sikre at næringslivet i regionen får ei tydeleg stemme, tilgang på kompetanse og eit miljø for samarbeid og vekst, seier Rune Longva, styreleiar i Nordre Innovasjonsforum i pressemeldinga.

Leiaren i Næringsforeninga: – Positivt
Haram kommune sin næringssjef, Inger Synnøve Remme er også dagleg leiar i Nordre Innovasjonsforum. Remme var næringssjef i Ålesund ein periode då Haram var ein del av Ålesund og arbeidde før det som rådgjevar i Haram Nærings- og Innovasjonforum.

- Vi er så heldige å ha eit næringsliv som er på, og som ønsker å ha eit tett og godt samarbeid med kommunen. Det er eit flott styre som representerer mangfaldet vi har, og som er opptatt av næringsutvikling i lokalsamfunnet, seier Remme i pressemeldinga.

Dagleg leiar Heidi Nakken i Næringsforeninga (tidlegare Næringsforeingen Ålesundregionen) seier i pressemeldinga at ho ser på etableringa av den nye organisasjonen som naturleg. 

- Med ein ny kommune på plass er det naturleg at eit forum med fokus på dei lokale sakene blir etablert, slik at kommunen kan ha handa på rattet. Det er positivt også for våre medlemsbedrifter i nordre del av regionen at det er tett kontakt med kommune og utdanningsinstitusjonar lokalt. Eg er sikker på at det vil vere mange saker og prosjekt vi kan ha godt samarbeid om, seier ho i pressemeldinga.

Publisert: 18.06.2025 13:17

Sist oppdatert: 18.06.2025 13:18

Mer om