Roald amundsen kleven august 2021 foto marius
PÅ VEG TIL VERFTET: Måndag la MS Roald Amundsen til kai ved Green Yard Kleven-verftet og nye oppdrag for verftsarbeidarane. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nytt oppdrag for Kleven

Ein «gamal kjenning» la til kai ved verftet.

Marius Rosbach
23.08.2021

Green Yard Kleven har sikra seg nok eit oppdrag for Hurtigruten. Måndag blei det klart at verftet skal klargjere MS Roald Amundsen til ekspedisjonscruise og skipet segla ved 13-tida inn Ulsteinfjorden på veg til verftet.

Verftet i utkanten av Ulsteinvik har sikra seg fleire mindre ombyggingsoppdrag for reiarlaget det siste året.

- Vi er meget godt nøgde med å få eit nytt oppdrag av Hurtigruten Expeditions berre kort tid etter at vi har levert MS Maud og MS Otto Sverdrup, uttalar verftsdirektør Kjetil Bollestad ved Green Yard Kleven i ei pressemelding.

Verftet skal gjere større og mindre jobbar for å gjere skipet klart til nye cruise, ifølgje meldinga. Medan skipet ligg til kai, vil det vere kopla til landstraum.

Roald mundsen august 2021 foto marius 11
SKAL KLARGJERAST: Ekspedisjonsskipet som er bygd ved Kleven har stort settvore utan jobb sidan koronapandemien slo til. No bur Hurtigruten seg på nye seglasar. Foto: Marius Rosbach

MS Roald Amundsen er bygd ved Kleven og blei levert i 2019. Verftet bygde også systerskipet MS Fridtjof Nansen. Bygginga enda med økonomisk havari og påfølgjande konkurs for det dåverande verftsselskapet.

Publisert: 23.08.2021 12:46

Sist oppdatert: 23.08.2021 15:13

Mer om