Nytt jubelaar foer koronastoppen
NY MUSIKK:  I tillegg til turne, har Rotlaus jobba i studio med nytt materiale. Vokalist, låtskriver og dagleg leiar i Rotlaus-selskapet, Bjørn-Marius Øyehaug, er nummer to frå venstre. Foto: Rotlaus
Nytt

Nytt rekordår for Rotlaus

Ørsta-band leverer igjen millionoverskot etter å ha vorte «fri» for korona.

Marius Rosbach
16.08.2023

Bandet Rotlaus hadde eit nytt toppår i fjor med inntekter på meir enn 11 millionar og eit overskott på meir enn to millionar kroner.

Det gode resultatet kjem i kjølvatnet av eit 2021-resultat som var prega av koronapandemien. Då vart det barberte inntekter og raude tal for bandet.

Rekordomsetning - men svekka lønnsemd
Omsetninga i 2022 er den høgaste bandet har levert nokon gong, medan lønnsemda er svekka samanlikna med 2020, då overskotet enda på meir enn fire millionar kroner.

Økonomien er likevel solid og eigenkapitalen auka til 8,7 millionar kroner etter fjorårsresultatet. Selskapet har ikkje langsiktig gjeld.

Rotlaus har også dotterselskapet Møre Crew, som leverer lyd, lys og sceneproduksjon for utleige.

Turne for fulle hus og nye låtar
Bandet melder på si heimeside at dei har spelt for fulle hus i sommar og at stemninga aldri har vore betre.

Samtidig som dei har vore ute på turne, blir det jobba med nytt materiale i studio.

– Vi har fleire låtar på gang, og masse spennande nyheiter i tida fram mot september, heiter det i meldinga.

Publisert: 16.08.2023 12:17

Sist oppdatert: 16.08.2023 12:17

Mer om