Kort fortalt

Nær halvert inntekt for Rotlaus

Men eit av Norges mest populære band har botnsolid økonomi.

Marius Rosbach
21.07.2022

Rekneskapen for 2021 i Rotlaus As viser at inntektene stupte frå 8,1 til 4,3 millionar kroner. Året enda også med eit underskot på nærare ein halv million (sjå tabell under).

Kontrasten til jubelåret i førvegen er stor for Ørsta-bandet som naturleg nok fått merke koronastoppen kraftig i fjor.

– Det er trist at situasjonen er som den er, men ein kan ikkje legge seg ned å grine, sa vokalist Bjørn-Marius Øyehaug til NETT NO i fjor om korleis koronapandemien råka bandet.

Då var dei godt i gong med å bygge nytt lokale og hadde starta dotterselskapet Møre Crew, som skal drive med lyd, lys og sceneproduksjon for utleige.

Bandøkonomien er svært solid med ein eigenkapital på nær sju millionar ved utløpet av 2021. Av dette står meir enn 2,3 millionar kroner i banken. Samla gjeld er på drygt 300.000 kroner.

Rotlaus AS

Årsresultat (i mill kr)

2021

2020

Driftsinntekter

4,3

8,1

Driftsresultat

-0,5

4

Res. før skatt

-0,5

3,9


Publisert: 21.07.2022 12:36

Sist oppdatert: 21.07.2022 13:49

Mer om