NTB ZC1r Pmg XS Tg 1 h
25 ÅR: Vassendgutane slik dei står fram i dag. Frå venstre Ernst Brune (trekkspel), Alf Rune Melby (steelgitar), Rune Brautaset (gitar/vokal), Sindre Aam (bass/vokal), Frank Utgård (gitar), Kim Erik Lillestøl (trommer) og Arthur Johan Bjørdal (gitar/vokal). Foto: Vassendgutane
Nytt

Vassendgutane – fest og moro i 25 år

– Det er så moro å spele i Vassendgutane at vi burde fått juling to gonger for dag, seier Rune Brautaset. Lønnsamt er det også.

NPK
03.09.2021

(NPK-NETT.NO - Bent Tandstad): Rune Brautaset er ein av dei fire som var med på å starte Vassendgutane i 1996, og som framleis er med.

Det populære festcountry-bandet kan markere 25-årsjubileet i desse dagar, og den humørfylte gjengen har ingen planar om å gi seg. Dei er spelesugne og meir enn klare for ein travel konserthaust etter halvtanna år med nedstenging.

Det starta i ungdomshuset i Åmdalen i Ørsta i Møre og Romsdal i 1996. Det var fem kompisar frå bygda som så smått byrja å spele litt saman på ungdomshuset på søndagskveldane. Samarbeidet grodde fram gjennom arbeidet med lokalrevyar, og så balla det på seg.

Ungdomshuset i Åmdalen ligg i enden av Vatnevatnet, og dermed kom namnet av seg sjølv, Vassendgutane.

Inntektssvikt og rekordresultat i fjor
Bandet har også levert solide økonomiske resultat. Omsetninga i 2019 på 12,9 millionar var den høgste sidan oppstartsåra i 2008 og 2009.

I koronaåret 2020 blei inntektene halvert, men aksjeselskapet Vassendgutane hadde likevel eitt av sine mest lønsame år i fjor. Etter at dei fekk koronastøtte, blei det også rom for utbytte.


25 år etter er dei profesjonelle artistar som, i alle fall i normale tider, reiser land og strand rundt og spelar festcountry, ein musikksjanger dei var først ute med. Dei har gitt ut 10 album, dei fleste av dei storseljarar, og dei trekkjer fulle hus over alt der dei spelar.

Country på sunnmørsk
Det har vorte rundt 100 sjølvskrivne låtar i løpet av desse åra, der den eine halvparten er skrivne av Sindre Aam og den andre av Arthur Johan Bjørdal. Dei to er også hovudvokalistar, og dei er solistar på sine eigne låtar. Alle tekstane er på uforfalska ørstadialekt, og det er snakk om kvardagsobservasjonar med masse humor og litt alvor.

– Vi har mykje å takke Sunnmøre Baarelag for. Dei viste oss at det faktisk var mogleg å syngje på sunnmørsdialekt. Dei som song på norsk på midten av 90-.talet var som oftast trønderar og så dei som brukte austlandsk bokmål. Det var kjekt å sjå at publikum likte låtane våre, seier bassist, låtskrivar og vokalist Sindre Aam.

Sunnmøre Baarelag vart starta i Ørsta i 1980, og bandet det serverte saftig rock med tekstar på dialekt. Kyrre Grimstad var låtskrivar og vokalist, og han har vore inspirator ikkje berre for Vassendgutane, men også for blant andre rapparane i Side Brok.

(saka held fram under)

Vassendgutane klare for nye konsertar 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
GODT FJORÅR: 2020 vart prega av koronaepidemien, men likevel har lønsemda aldri vore betre. Viser rekneskapen til Vassendgutane AS som kom tidlegare i år. Foto: Vassendgutane

Les fleire kulturnyheiter:

Hadde ingen ambisjonar
Sindre Aam fortel til NPK at Vassendgutane heilt i starten spelte coverlåtar, men at dei etter kvart byrja å eksperimentere med eige materiale. Dei hadde eigentleg ingen ambisjonar om å spele offentleg, men dei vart overtalte til å spele på ungdomshuset i Åmdalen. Så byrja ryktet om kameratgjengen gå, og dei fekk tilbod om spelejobbar rundt om på Sunnmøre.

Uttrykket festcountry kom til då dei vart så populære at dei måtte skaffe seg manager, og det vart naudsynt å plassere bandet i ein sjanger.

– Vi spelte countrymusikk, og det var tydeleg at det passa godt til fest, og dermed var det uttrykket skapt. Seinare har andre adoptert sjangeren, men vi var først ute. Og det står på bandbussen vår også, «Originalen av festcountry», seier Sindre Aam.

Jubileumshelg på Trandal
3.- og 4. september markerer dei jubileet med to konsertar på Trandal, dei veglausa bygd i Hjørundfjorden som har vorte ein svært populær konsertstad. Det strøymer folk til frå heile Sunnmøre når det er konsertar der, og begge jubileumskonsertane med Vassendgutane er utselde. Det er plass til 500 kvar kveld.

I samband med jubileumskonsertane slepper bandet fredag 3. september ein ny låt, «Langt inne i ein fjord».

– Vi er veldig glade i Trandal, og den veglause bygda har vore ein sterk inspirasjon for denne songen, seier Sindre Aam.

Konsertane på Trandal skal også bli utgangspunkt for ein konsertfilm.

Fram til 2008 var Vassendgutane mest eit lokalt fenomen, men det endra seg etter countryfestivalen på Skjåk i 1998.

– Då opna også resten av Noreg for oss, og vi merka stadig større etterspurnad. Så gav vi ut første albumet, «Pylse og konjakk» i 2000. Då hadde vi mest coverlåtar, men to var sjølvskrivne. Salet av albumet gjekk over all forventing, og vi fekk eit stadig større publikum.

– Vi brukte å ta oss ein konjakk når vi var ute og spelte, og i matvegen gjek det mest i pølser. Så det namnet gav seg sjølv, legg bassisten, vokalisten og låtskrivaren til med eit smil.

Til andre albumet «Gi clutch» fekk dei inn Cato Sanden som produsent, og her var det aller meste sjølvskrive. Og det vart ein endå større suksess, og slik vart dei berre større og større. I 2004 byrja dei å ta ut løn frå spelinga, og i 2005 var inntektene så bra at fleire av dei slutta i dei sivile jobbane sine.

Ungkar med dobbeltseng
Albumet «XO», og her var det endå ein konjakk-assosiasjon, i 2008 selde til dobbel platina med over 100.000 selde eksemplar. Også «Ungkar med dobbeltseng» var ein storseljar.

– Den låten handla eigentleg om bandmedlemen Rune Brautaset, som hadde lang fartstid som ungkar. Men etter den låten gjekk det ikkje lang tid før han var etablert med sambuar, ler Sindre Aam.

Humor og godt venskap har prega bandet i alle år. Dei likar å spele for folk, og dei trivst i selskap med kvarandre Fire av dei fem grunnleggjarane for 25 år sidan eig i dag selskapet Vassendgutane, Det er Sindre Aam, Rune Brautaset, Arthur Johan Bjørdal og Ernst Brune. Resten av gjengen er tilsette i selskapet.

«Bygdefest på Rockefeller»
Musikkjournalistane i hovudstaden har aldri vore særleg rause med terningkasta når dei har vurdert platene eller konsertane til Vassendgutane. Etter ein av fleire utselde konsertar på Rockefeller i hovudstaden, var tittelen i ei avis: «Bygdefest på Rockefeller».

– Nokre meldarar har etter kvart forstått kva vi held på med. Vi spelar folkeleg musikk for folkelege folk. Dei fleste kritikarane har heilt andre kriterium dei går ut frå. Det er sjølvsagt kjekt med femmarar og seksarar på terningen, men det viktigaste for oss er at folk møter opp og høyrer på oss, seier Sindre Aam.

Som oppvarmingsband for Brad Paisley i Oslo Spektrum i 2012 spelte Vassendgutane for 10.000, og dei har spelt for 12.000 i Seljord. Dei er vane med stappfulle hus.

– Det er kjekt å spele for så mange, men det er like kjekt å spele for 500 som for 12.000. Det har med stemninga i lokalet å gjere. Vi likar å ha tett kontakt med publikum, avsluttar Sindre Aam.

Publisert: 03.09.2021 18:44

Sist oppdatert: 04.09.2021 00:51

Mer om