Andreas Andenaes daglig leder i Christie Opsahl foto Ogne
GODT ÅR: Akkurat som sin fusjonspartner i Peab K. Nordang har Christie & Opsahl-sjef Andreas Andenæs lagt fram ein årsrapport som viser inntektsrekord siste året før samanslåinga. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Nytt år med rekordinntekt

Entreprenørselskapet Christie & Opsahl auka også lønsemda før samanslåinga med Peab K. Nordang.

16.03.2026

I 2020 hadde Christie & Opsahli Molde  410 millionar kroner i driftsinntekt. Etterpå har det gått bratt oppover, med vekst kvart år. 

I fjor nådde selskapet nesten milliarden (sjå tabell) etter ein inntektsvekst på 15 prosent frå 2024. Driftsresultat og resultat før skatt auka også, både i kroner og prosent. 

Også den tidlegare konkurrenten Peab K. Nordang på Stranda har hatt ei liknande utvikling, med rekordinntekt i fjor og sterk inntektsvekst sidan 2020.

I fjor varsla dei to selskapa at dei skal slå seg saman. Sjølve samanslåinga skjer i år når alle formalitetar er på plass.

Ventar oppsving i år
Christie & Opsahl går inn i 2026 med ein ordrereserve som er "noe lavere enn ønsket", skriv styret i årsmeldinga for 2025.

Samstundes ventar selskapet "en betydelig oppgang i bygg- og anleggsmarkedet" i år.

Det er oppsving i anlegg- og infrastrukturprosjekt som vil vere den viktigast årsaka til oppgangen, ventar selskapet. Veksten er venta å bli størst i Nord-Noreg, medan marknaden på Vestlandet og i Møre og Romsdal blir stabil eller gir moderat vekst.

Christie & Opsahl as  
Tal i mill. kroner20252024
Driftsinntekt985,0857,1
Driftsresultat46,835,7
Resultat før skatt52,740,9

De to selskapa har i dag over 350 tilsette. 

Det sammenslåtte selskapet får hovedkontor i Ålesund, med avdelingskontor i Molde, Stranda, Kristiansund, Ulsteinvik, og Bergen.

Publisert: 16.03.2026 09:12

Sist oppdatert: 16.03.2026 09:12

Mer om