– Nå må vi produsere alt vi kan av olje og gass
Den nye olje- og energiministeren vil på ingen måte avvikle oljenæringa. Tvert imot vil han auke produksjonen.
(Eli Strand - NPK) Får han det som han vil, driv vi framleis med olje og gass om 30 år.
Terje Lien Aasland (Ap) har nok å henge fingrane i med både ei energikrise og skyhøge drivstoffprisar han skal handtere. Krigen i Ukraina har gjort at norsk olje og gass er ettertrakta som aldri før når europeiske land skal gjere seg uavhengige av russisk olje og gass. Den ferske olje- og energiministeren tar sikte på å auke produksjonen av olje og gass framover.
– Akkurat nå må vi produsere alt vi kan av olje og gass, og vi må intensivere å ta ut så mykje olje og gass som mogleg. Olje- og gassnæringa vil vere ei stor næring i all overskodeleg framtid. Vi er heilt avhengige av denne produksjonen, men må jobbe med nye måtar å gjere heile næringa grønare på, og det er viktig at vi klarer å avkarbonisere den oljen og gassen vi skal bruke i framtida, seier Aasland til Nynorsk pressekontor (NPK).
– Det er på ingen måte viktig for meg å sette ein sluttdato, og det er mykje som i dag tyder på at vi vil produsere olje og gass også i 2050, men vi vil gjere det på ein helt annan måte enn nå.
Nei til «oljeskam»
Aasland blei utnemnd som statsråd 7. mars etter å ha vore stortingsrepresentant for Telemark sidan 2005.
Han er heilt samd med forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) som tidlegare i år oppmoda ungdom til å satse på ei utdanning innan oljenæringa.
– Sjølv om næringa utviklar seg og vi stadig endrar oss, er eg trygg på at det vil vere behov for folk som kan olje og gass, langt inn i framtida. Denne regjeringa er også klar for at vi skal halde fram med å leite etter meir olje og gass også i tida framover. Eg meiner også at dei som jobbar i denne næringa har all grunn til å vere stolte over den jobben dei gjer.
– Så det er ikkje snakk om nokon «oljeskam» her i garden?
– Nei, tvert i mot. Dei som jobbar i næringa, gjer ein viktig jobb for samfunnet og samfunnet treng at vi held fram med å satse på olje og gass spesielt i den kritiske situasjonen vi har med den grufulle krigen i Ukraina no.
Eg som er så glad i å gå på ski, fryktar at snøen vil forsvinne i framtida
Fryktar klimaendringane
Sjølv om han er klår på at Noreg framleis skal vere ein oljenasjon, er han like klår på at han fryktar klimaendringane.
– Eg som er så glad i å gå på ski, fryktar at snøen vil forsvinne i framtida, men det er sjølvsagt ikkje det verste. Det er ingen tvil om at det blir våtare og villare i framtida og at vi blir meir utsette for både flaum og andre naturkatastrofar. Derfor er det viktig at vi heile tida utviklar næringa i ei grønare retning og at vi satsar meir på alternative energikjelder slik som vi no gjer med havvind, seier han.
Vasskraft vil også bli viktig i framtida, men statsråden har godt nytt til dei som vil halde fram med å verne dei vassdraga som i dag er verna.
– Den politikken ligg fast i Stortinget, så det er ikkje snakk om å oppheve vernet av desse vassdraga. Men dersom klimaet blir våtare og det blir flaum i desse vassdraga, må vi sjå på moglegheita for å sette inn flaumdempande tiltak i dei verna vassdraga. Elles er eg for å utvikle og utnytte dei vassdraga som ikkje er verna.
Framleis høge straumprisar
Ei av dei sakene som står høgast på dagsordenen til ministeren, er dei høge straumprisane i Sør-Noreg. Han kan ikkje garantere for når vi kan vente oss normale prisar, men seier vi må bu oss på at det kan vare lenge.
Han seier også at vi vil sjå meir varierande prisar i framtida, fordi tilhøva i produksjonen vil variere. Når det for eksempel er lite vind, vil straumprisane gjere eit byks. Derfor blir det no jobba med tiltak som skaper meir føreseielege straumrekningar for folk flest. Kva konkret dei jobbar, med vil han førebels ikkje seie noko om, men han varslar at det vil kome fleire tiltak.
– Samstundes er det viktig at vi vidarefører straumstøtta der staten dekkjer 80 prosent av prisen som overskrid 70 øre/kwh. Dette synest eg er eit riktig og viktig tiltak som vi no har fått på plass og som i alle fall skal vare fram til mars neste år.
Ser mot Telemark
Den ferske statsråden som har fleire år som stortingspolitikar bak seg, skal ha sagt at dei finaste stundene han har i Oslo, er når han kan vende blikket mot Telemark og er på veg heimover.
– Er det verkeleg så ille å vere i Oslo?
– Nei, det er ikkje slik at eg mistrives i Oslo, langt derifrå. Det er berre det at eg er så veldig glad i familien og kona mi. I tillegg er det ingen tvil om at det er i Telemark eg har røtene mine.
På veggen på kontoret heng det eit svært bilete av industriparken Herøya i Porsgrunn i heimfylket Telemark.
– Dette biletet betyr mykje for meg, og eg ser på det kvar dag og tenkjer på kor viktige slike arbeidsplassar er. Tenk, her blir det produsert livsviktig gjødsel som kan redde menneske frå svolt.
Den tidlegare energimontøren er ein av få politikarar som kan skilte med ein solid bakgrunn frå arbiderklassen.
– Eg er godt van med å gå med vernesko for å seie det slik. I tillegg blir eg høgtidsstemt av å sjå ei høgspentlinje som er rett og fin. Då tenkjer eg at det er grunnlag for liv i begge endar av lina, seier han.
Publisert: 29.05.2022 05:00
Sist oppdatert: 28.05.2022 15:58