Korona teststasjon foto ålesund kommune 11
OPPMODAR TIL TESTING: Kommuneovelegen i Ålesund har oppmoda alle med symptom som kan vere Covid-19, om å teste seg og halde seg heime. Foto: Ålesund kommune
Nytt

Nær 80 smitta etter utbrot ved utestader

Politiet kartlegg kven som har vore på Toldboden - Subsea7-base og pub stengt som følgje av smitte.

Marius Rosbach
03.05.2021

Det totale smittetalet knytt til utbrotet ved utestadene i Ålesund nærmar seg 80, opplyser Ålesund kommune i ei melding måndag.

Byen har eit pågåande koronautbrot som er knytt til utestadene Anno og Toldboden, og det har kome krass kritikk kring korleis smitteverntiltaka blei etterlevd ved sistnemnte restaurant.

Vi vil snakke med dei som er på eigarsida, beteninga, og folk som har vore til stades
Yngve Skovly

Skal kartlegge kven som var på Toldboden
Selskapet bak Toldboden, HR Restaurantdrift, er under politietterforsking etter at kommunen melde saka til politiet førre veke. Spisestaden blei også stengt for ei veke.

– Vi vil snakke med dei som er på eigarsida, beteninga, og folk som har vore til stades. Mellom anna vil vi forsøke identifisere alle som har vore der. Dette arbeidet er ikkje starta opp, men er framleis under planlegging, fortel politiinspektør Yngve Skovly ved Møre og Romsdal politidistrikt til NETT NO.

Han legg til at omsynet til smittevern, gjer at det vil ta noko tid før vitneavhøyr og all etterforsking er ferdig.

Restauranten har beklaga
Det har ikkje lukkast NETT NO å kome i kontakt med dagleg leiar og styreleiar av Ålesund-restauranten. Skovly opplyser at leiinga måndag ikkje var formelt avhøyrt.

Tidlegare har selskapet gått ut på si Facebook-side og beklaga situasjonen og sagt dei skal lære av hendingane. Denne sida er måndag ikkje tilgjengeleg, men tilsvarande melding er lagt ut på heimesida deira.

Politiinspektør Skovly fortel at det ikkje er andre bedrifter som er under etterforsking i samband med utbrotet. Til no har det vore vanleg å reagere med bøter mot bedrifter som har brote smittevernreglane.

Pub og Subsea7-base stengt
Måndag føremiddag sende Ålesund kommune ut ei melding om at det var registrert åtte nye smittetilfelle i helga per laurdag.

Mellom anna har to personar «i relasjon» til Brooklyn Pub i Ålesund, fått påvist smitte. Utestaden er difor stengt.

Måndag melder også Sunnmørsposten at ni tilsette ved Subea7 sin base på Vigra har testa positivt. Verksemda med kring 250 tilsette er difor stengt inntil vidare.

73 av 80 busett i Ålesund
Av dei 80 smitte som blir sett i samband med utbrotet ved spisestadene i sentrum, er 73 er busette i Ålesund, opplyser kommuneoverlege Olav Mestad.

Ålesund, Sula og Giske har innføring strenge koronatiltak. Mellom anna måtte kultur- og underhaldningsstader stengje, medan arrangement og skjenking vart forboden. Tiltaka gjeld fram til 10. mai.

Sjekk siste oppdaterte smittetal frå Ålesund kommune (ekstern lenke)

Publisert: 03.05.2021 13:03

Sist oppdatert: 03.05.2021 13:58

Mer om