Lene Trude og Britt foto ogne 11
BLIR FLEIRE: Lene Trude Solheim i Næringsforeningen Ålesundregionen og Britt Flo i Molde Næringsforum har begge opplevd medlemsauke dei siste åra. Til saman representerer dei to no nær 600 medlemsbedrifter.
Nytt

Tettare enn nokon gong

Pandemien og utfordringane i kjølvatnet har ført næringslivet nærare kvarandre.

Marius Rosbach
01.01.2023

Samarbeidet mellom næringsforeiningar og vekstselskap på Nordvestlandet blei betre gjennom dei turbulente koronaåra. Det er konklusjonen frå leiarane i Næringsforeningen Ålesundregionen, Molde Næringsforum og Måløy Vekst.

Samtidig som smittevernrestriksjonar gjorde det vanskelegare å møtast under pandemien, var behovet for informasjon og kommunikasjon stort.

– Vi blei gode til å bruke digitale verktøy som gjorde kommunikasjonen mykje enklare. No har vi faste Teams-møte kvar månad og oftare ved behov. Om vi skulle reist til kvarandre fysisk, ville det teke for lang tid, seier dagleg leiar Britt Flo i Molde Næringsforum om samarbeidet med Ålesund og Kristiansund.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

– Ser ingen kommunegrenser
Lene Trude Solheim starta i jobben som administrerande direktør i Næringsforeningen Ålesundregionen midt i pandemiåret 2020. Ho tok raskt kontakt med kollegaene i Molde og Kristiansund.

– Det var naturleg nettopp fordi vi har relativt like utfordringar. Bedriftene ser ingen kommunegrenser og det er mange som pendlar mellom dei ulike byane, seier Solheim.

Under pandemien opplevde Solheim eit auka medvit om korleis byane er avhengige av kvarandre. Samtidig som Ålesund har alliert seg med Haram Nærings- og Innovasjonsforum, jobbar Solheim med å styrke banda til søre Sunnmøre og lengre sør.

Meir kontakt mot Stortinget
Kontakta inn til sentrale styresmakter vart viktigare under pandemien i kampen om merksemd og hjelp. Solheim fortel at krisa førte til ein betre dialog med stortingspolitikarane frå fylket.

– Under korona hadde vi faste Teams-møte med Mørebenken om ulike tema som kraftkrise eller samferdsel. Då trakk vi gjerne inn bedrifter frå regionen som hadde ein aktualitet, seier ho.

Sjølv om Møre og Romsdal er eit lite fylke i landssamanheng, opplever leiarane i Ålesund og Molde at dei har gjennomslagskraft ved å stå saman.

– Og vi er eit tungvektsfylke når det kjem til eksportretta næringsliv, påpeikar Britt Flo.

Vi er eit tungvektsfylke når det kjem til eksportretta næringsliv
Britt Flo

– Gagnar heile regionen
Leiaren av næringsforumet i Molde fortel at samarbeidet mellom byane skaut fart etter Bli med Hjem i 2019. Det starta med at Molde og Kristiansund fann saman, og året etter kom Ålesund med. Då Bli Med Hjem blei arrangert våren 2022, var det dundrende suksess ut fra oppmøtet å døme.

– Det gagnar heile regionen at vi jobbar saman i slike saker. Og så er det mykje artigare, legg Flo til.

No jobbar foreiningane i Ålesund, Molde og Kristiansund mellom anna med eit felles fylkeskommunalt prosjekt for å få meir ressursar til å jobbe direkte med rekruttering.

– Vi spelar også på ressursar i bedriftene. I løpet av eit normalår kan vi ha 150 personar involvert i aktivitetane våre, fortel Britt Flo.

Rekruttering jobb nummer ein
Lengre sør på kysten leier Randi Humborstad Måløy Vekst. Ho deler erfaringane til kollegane i Molde og Ålesund om konsekvensane av auka digitalisering.

– Næringslivet fortel at arbeidet blei meir effektivt under pandemien ved at ein slepp å reise så mykje, og i staden kan ha eit videomøte, seier Humborstad.

Ho delar óg synet om at utfordring nummer éin, er å skaffe nok folk og rett kompetanse til alle jobbane.

– Næringslivet i Måløy har stort sett klart seg godt gjennom pandemien. Det blir skapt store verdiar og mange nye spennande jobbar. Når vi er ute på bedriftsbesøk, så er ofte tilbakemeldinga at rekruttering er avgjerande for vidare vekst, seier ho.

Randi Paulsen Humborstad foto kjetil
REKRUTTERING OG BULYST: Randi Humborstad i Måløy Vekst opplever god oppslutning med kring 90 medlemar frå Stad og Kinn kommune. Hovudoppgåva til vekstselskapet som blei starta 2018, er å jobbe med næringsutvikling, rekruttering og bulyst.

Vil arrangere Måløy-treff i Ålesund
Rekrutteringsarbeidet skjer ved alt frå skulebesøk på ulike alderstrinn, til Måløy-treff som har vore arrangert i Bergen og Trondheim.

– Å arrangere eit Måløytreff i Ålesund står høgt på blokka vår. Der er det fleire spennande studieretningar for våre selskap, seier Humborstad.

No er eit nytt prosjekt i gong, der studentar skal utplasserast i bedrifter.

– Vi håpar at det på sikt skal ende med at studentane blir rekruttert til bedriftene dei blir kjent med. Prosjektet er blitt teke veldig godt imot av det lokale næringslivet, seier Humborstad.

Studentar frå NTNU i Ålesund er mellom dei som er høgaktuelle til slik utplassering ved eksempelvis skipsdesignselskap, leverandørindustri til havbruk eller eksportretta salsverksemder.

Ålesund-Måløy på under to timar
Måløy, søre Sunnmøre og Ålesund har mykje lik næringsstruktur. Og med Stad skipstunnel vil byane om få år bli tettare knytte saman.

– Då vil Ålesund vere to timar unna med hurtigbåt. Vårt eksportretta næringsliv har også eit stort behov for å knytte seg tettare til stamflyplassen på Vigra, seier Humborstad.

– Å kome seg til Ålesund, som for oss frå Måløy er ein større by, gir ekstra bulyst. Det blir óg ein større bu- og arbeidsmarknad, og enklare å pendle mellom Ålesund, Måløy og søre Sunnmøre, seier ho.

Lene Trude Solheim ved næringsforeininga i Ålesund trur det er større potensial i samarbeid sørover til Måløy, samtidig som Møreaksen kan føre til tettare band til Molde.

Massive reaksjonar mot lakseskatt
Auka skatt for laksenæringa er eit nytt eksempel på saker som har ført næringsaktørar langs heile kysten saman i felles kamp.

– Då blei det vist kva for ei viktig oppgåva vi har. Eit budsjettforslag med så store endringar i rammevilkår er alvorleg for næringslivet. Med eit forslag som så tydeleg ville ha som konsekvens å redusere bedriftenes moglegheiter til å investere, var det meir viktig enn nokon gong at vi sa tydeleg i frå, seier Lene Trude Solheim.

Ho har aldri opplevd liknande massiv reaksjon mot eit forslag i sine kring 20 års erfaring i å jobbe med statsbudsjett og politikk.

– Eg har aldri fått så mange telefonar som på det forslaget. Det er ikkje rike personar som er uroa for eigen bankkonto, men bedriftseigarar og jobbskaparar som har visjonar for å lage nye produkt og løysingar som vi skal leve av i framtida. No er dei uroa for planar som inkluderer mange nye arbeidsplassar, seier leiaren i ålesundforeininga.

Denne artikkelen har tidlegare blitt publisert i NETT NO-magasinet, og er open også for ikkje-abonnentar. Les heile magasinet her.

Publisert: 01.01.2023 05:00

Sist oppdatert: 01.01.2023 11:31

Mer om