Bli med hit Inger Synnove Remme Elisabeth Ulla Uksnoy foto Marius
OSLO: Inger Synnøve Remme og Elisabeth Ulla Uksnøy deltok på Bli Med Hit! i Oslo førre veke for første gang etter at Nordre Innovasjonsforum blei stifta. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Nøgd med debut på jobbmesse

Dei som kom hadde eit enkelt svar på kva dei var ute etter: Ein god jobb og tryggheit.

Marius Rosbach
27.04.2026

Fleire næringsforeiningar enn nokon gong deltok på årets Bli Med Hit! i Oslo førre veke. 

Nordre Innovasjonsforum var med for første gong, og leiar Inger Synnøve Remme, er ikkje i tvil om at det var verdt å dra. 

– Vi erfarte at det ikkje berre var fol frå Haram som ville flytte heim som kom til standen vår, men også folk frå andre kantar av Møre og Romsdal – og folk som budde i Oslo, og vurderte å flytte til andre kantar av landet, fortel ho til Nett No. 

Bli med hit Henrik Friedl Oda Kalstad Nyheim foto Marius
FLYTTEKLARE: OSLO: Henrik Friedl og Oda Kalstad Nyheim bur i Oslo og var mellom fleire hundre besøkande som tok turen innom jobbmessa under Bli med hit! i Oslo - og var klare til å flytte. Foto: Marius Rosbach

Vil ha ein god jobb og tryggheit
Remme meiner det var «eit bra publikum» som kom, i den forstand at dei hadde både kompetanse og var «flyttbare».

Dei hadde ein enkel konkurranse der dei spurde deltakarane om kva dei var ute etter. 

– Svaret var ein god jobb og tryggheit. Det meiner eg absolutt regionen kan tilby, legg ho til. 

Færre bedrifter – fleire foreiningar
Samtidig som det var fleire foreiningar og lag som deltok i år, var det færre bedrifter. 

– Det er ei prioritering bedriftene sjølv må ta, og kanskje tenker dei at vi kan representere dei. Det gjer vi også,

– Men om ein er ute etter personar du veit at ein truleg må ut av Møre og Romsdal for å finne, så er det mogleg å finne kandidatar her, legg ho til. 

Må ha meir å tilby enn jobb
Remme meiner det er viktig å vere synleg over tid. Nokre gonger treng ein å møte folk fleire gonger, før dei blir overtydd og tek steget og flytte. 

– Vi har også vore opptekne av å vise kva vi har å tilby utanfor arbeidstid. Det held ikkje at vi får dei hit. Vi må også sørge for at dei får eit nettverk og blir verande, seier ho. 

Sjølv om personvernomsyn sett grenser for korleis arrangørane kan halde kontakta med dei som kom på ei slik jobbmesse. 

Remme meiner likevel at dei som er interessert, mellom anna vil følgje dei på sosiale media som Instagram og Linkedin. 

Publisert: 27.04.2026 11:00

Sist oppdatert: 27.04.2026 10:49

Mer om