Oljekutt avtale
OLJELAGER FYLLEST: Koronatkrisa har fått oljeetterspørselen til å stupe. Samstundes går produksjonen for fullt på grunn av priskrigen i marknaden, og oljelagra er i ferd med å bli fulle. 
Nytt

Oljekutt-avtale

Russland og Opec-landa vil kutte oljeproduksjonen med 10 millionar fat om dagen og satsar på at andre kuttar ytterlegare fem millionar.

10.04.2020
Reduksjonen på 10 millionar fat om dagen skal gjeld i mai og juni. Deretter blir kutta 8 millionar fat om dagen resten av 2020 og seks millionar fat om dagen i 2021 og ut april 2022.
10 millionar fat olje om dagen tilsvarar 10 prosent kutt.
Artikkelen blir oppdatert
Det største produksjonskuttet Opec åleine tidlegare har gjort kom i 2008 og var på 2,2 millionar fat olje om dagen.
Analyseselskapet Rystad Energy anslår at etterspørselsfallet på grunn av koronakrisa no utgjer 27 millionar fat om dagen. Reuters sitt anslag er 30 millionar fat om dagen, eit kutt på 30 prosent samanlikna med gjennomsnittsetterspørselen i fjor. Kutta som Opec varsla i dag er dermed langt frå nok for unngå ein overproduksjon.

Organisasjonen for oljeproduserande land (Opec) og Russland møttes i dag, 9. april, i ein videokonferanse for å diskutere produksjonskutt, kutt også Noreg har signalisert å kunne vere med på.
- Dette er ei verdsomspennande avtale, , før forhandlingane var avslutta. men utan å gå innpå om den omfattar USA, slik både Russland og Opec-land har ønskt. I følgje Reuter sine kjelder var målet å kutte oljeproduksjonen i verda med 15-20 millionar fat om dagen, der fem millionar fat skal kuttast hos andre land enn Opec-landa og Russland. Representantar for Opec, Russland og ikkje namngitte andre land starta ein videokonferanse i ettermiddag.
I starten av mars mislukkast Russland og Opec i å bli samde om prouksjonskutt. Saudi-Arabia starta ein priskrig, like før koronakrisa råka verda for fullt. Dermed fekk oljeprisen ein dobbel smell, og var 30. mars heilt nede i under 23 dollar fatet. Prisen har ikkje vore lågare sidan 2001/2002.

Etter botnen 30. mars har oljeprisen gått opp, på grunn av forhåpningar om ei kuttavtale. Prisen på Nordsjøolje for levering om ein månad nådde nesten 36 kroner 9. paril, men falle etter at det blei klart at det framleis blir overproduksjon.. 1. januar var prisen 66 dollar fatet.

Publisert: 10.04.2020 00:47

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:56