Omfattande dataangrep mot Hurtigruten
NETTSIDA NEDE: Slik såg heimesida til Hurtigruten ut måndag ettermiddag, etter at reiarlaget var utsett for eit datangrep.
Nytt

Omfattande dataangrep mot Hurtigruten

Reiarlaget skal vere utsett for alvorleg løsepengevirus. Også Havila er utsett for Facebook-svindel dei siste dagane.

Marius Rosbach
14.12.2020

Begge dei to reiarlaga som skal drifte den tradisjonsrike kystruta, er dei siste dagane utsett for datakriminalitet.

Mest alvorleg er det for Hurtigruten, som måndag meldte at ein rekke av systema deira er nede etter eit omfattande angrep.

– Eit alvorleg angrep
Ifølgje ei pressemelding verkar det dreie seg om eit løysepengevirus. Angrepet blei avdekka natt til måndag. Rereiarlaget jobbar med styresmaktene og partnarar for å få oversikt.

– Dette er eit alvorleg angrep. Heile Hurtigruten sin globale IT-infrastruktur ser ut til å vere påverka. Hurtigruten har iverksett omfattande tiltak for å avgrensa skadeomfanget av angrepet, seier konserndirektør for IT, Ole-Marius Moe-Helgesen, i meldinga.

Måndag ettermiddag var nettsida til Hurtigruten nede og erstatta med eit bilde og plakat som forklara situasjonen.

Svindelforsøk med falsk Facebook-profil
Før helga var Havila Kystruten også utsett for datakriminalitet, rett nok betydeleg mindre alvorleg.

Via ein falsk Facebook-profil som likna på Havila Kystruten sin, tok det som truleg var svindlarar, kontakt med følgjarane til sida deira. Målet skal ha vore å få informasjon som kontonummer og liknande, i samband med ei konkurranse reiarlaget har gåande.

– Det er gjort med dårleg norsk språk og om ein klikkar seg inn, så ser ein raskt at det er useriøst. Forhåpentleg har ingen lagt igjen noko informasjon, og vi har iallfall ikkje høyrt om det, fortel markedssjef Tonje Alvestad Ytrebø i Havila Kystruten til NETT NO.

Havila Kystruten gjekk sjølv ut på sin Facebook-side før helga og åtvara om hendingane. Alvestad Ytrebø påpeiker at dei aldri ville ha spurt etter slik informasjon.

Vard-angrep tidlegare i år
Tidlegare i år blei Vard-konsernet utsett for eit omfattande dataangrep som sette it-systema deira ut av spel. Natt til 1. juni skal dei aller fleste serverar hos selskapet ha blitt kryptert, og det skal ha vore løysepengar inne i bilde.

Vigleik Hustadnes som leiar arbeidet med informasjonssikkerheit hos Tussa, forklara då at eit kryptovirus er et ondsinna programvare som krypterer data, eller dokument.

– Motivet er gjerne utpressing og økonomisk vinning, der offeret får eit krav om løysepengar, fortalde Hustadnes til NETT NO.

Ofte blir slike angrep gjennomført ved at nokon får tilsendt ein e-post, der vedkommande klikkar på ei lenke. Det kan like gjerne skje via ei nettside, eller på sosiale media.

Les også: Heimekontor aukar risiko for svindel

Tussa jaktar data-ekspertar

– Det handler om mennesker, teknologi og gode prosesser

Datakriminalitet: - Altfor mange står ikke fram

Heile Hurtigruten sin globale IT-infrastruktur ser ut til å vere påverka

Publisert: 14.12.2020 13:51

Sist oppdatert: 10.03.2023 22:22