Popup restaurant stranda IKKE GJENBRUK FOTO NPK
STRANDA: Jannet Aksnes (i midten) saman med dei to faste medarbeidarane Bente Corneliussen (t.v.) og Hekke Bakkeland utanfor Skinkerådhuset på Stranda i Møre og Romsdal. Trioen har vore med på alle PopUp-prosjekta. Foto: Popup Norge.
Nytt

Omreisande restaurant med lokale ringverknader

Nytt konsept har vore i drift på Stranda i vinter.

08.04.2024

(NPK-NETT.NO): I desse dagar avsluttar Jannet Aksnes og medarbeidarane hennar i «PopUp Norge» eit åtte veker langt opphald på Stranda i Møre og Romsdal. Her har dei levert «Fine Dining» til både lokale innbyggjarar og turistar så å seie dagleg sidan februar.

Konseptet er nye kokkar kvar veke. Dei lagar sine spesialitetar, men i all hovudsak basert på lokale råvarer frå staden der dei er.

– Dei åtte vekene på Stranda var ein stor suksess. Ikkje nødvendigvis økonomisk, men tilbakemeldingane frå gjestene har vore veldig bra. Vi satsar på å kome tilbake til Stranda og Skinkerådhuset neste år også, seier Jannet Aksnes på telefon frå industri- og turistbygda ved Storfjorden.

Drifta har også gitt lokale ringverknader. Skarbø Gard har mellom anna levert både kjøtt og ost, eple, cider og eplemost til den omreisande spiseplassen.

Oskar Gjærde har vore sals- og marknadsdirektør i Grilstad, og er framleis i leiargruppa til matprodusenten. I tillegg har han rolla som «skinkeordførar» med kontor på Skinkerådhuset i Stranda sentrum.

Motivet for Grilstad til å vere med på popup-restauranten, er kort og godt merksemd.

– Vi ønsker å skape merksemd om spekeskinka og Stranda-merket. Samtidig får vi vist at den kan nyttast som ingrediens, også i avanserte matrettar, seier Gjærde til Nett No.

Set kursen mot nord
No pakkar Jannet Aksnes og kokkane snart ned og set kursen for neste PopUp-stad, Landegode fyr like utanfor Bodø. Byen er i år europeisk kulturhovudstad. Dei var på fyret også i fjor sommar, og det var ei stor oppleving, fortel Aksnes. Ikkje berre var det nesten ni veker med stort sett strålande vêr, men mottakinga der var også formidabel

Innan kort tid blir det også avgjort kvar dei skal poppe opp til hausten. Ikkje alt er heilt på plass enno, men det er stor sjanse for at det blir ein stad på Vestlandet. Så her det berre å vente og sjå.

Popup restaurant stranda IKKE GJENBRUK FOTO NPK 22
FLÅM: Jannet Aksnes er ein erfaren servitør ved sida av å vere gründer. Her frå Otternes i Flåm i Sogn. Foto: Haakon Hoseth

Starta i Flåm
Det starta altså i den vesle bygda Flåm inst i Sognefjorden. Jannet Aksnes er oppvaksen på Vatnahalsen høgfjellshotell øvst i Flåmsdalen som foreldra eigde og dreiv. Skuleskyssen hennar var Flåmsbana. Ho var sjølv dagleg leiar til hotellet vart selt for nokre år sidan. Ho heldt fram med å bu i Flåm og jobba vidare innan reiseliv.

– Det var ikkje så mykje å finne på i Flåm under pandemien, så det var då eg fekk ideen om pop-up-restaurant som konsept. Det fekk meg til å tenkje på fantastiske Otternes, eit tun med 26 bygningar oppe i fjellsida mellom Flåm og Aurland. Det var perfekt. Vi fekk leige av stiftinga som eig staden, og gjennom sommaren 2021 hadde vi 3000 besøkande der, fortel Jannet Aksnes.


Nye kokkar kvar veke

Kokkar kom inn frå Oslo og andre stader for å lage maten. Lokale bønder og produsentar leverte råvarer av høg kvalitet. Og slikt blir det god mat av.

Konseptet er det same. Kokkane jobbar ei veke og dei presenterer sine spesialitetar. Det kan vere ein meny med sju til ti rettar med vin tilpassa kvar enkelt rett.

Det er også kveldar med ein enklare meny med tre rettar. På Skinkerådhuset i Stranda har det også vore vellukka forsøk med «Afternoon Tea».

I Stranda er det historia om den rike næringsmiddelindustrien som er ramme rundt matopplevingane.

Meir enn pizza
– Stranda er langt meir enn Pizza Grandiosa. Her er lange tradisjonar for produksjon av god mat, seier Aksnes.

Det er sjølvsagt ikkje billeg med restaurantmat av høg kvalitet, men Jannet Aksnes er overraska over at så mange unge har vitja restauranten.

– Vi trudde at det i hovudsak var godt etablerte over 35 år som ville vere tyngda av gjestene, men mange unge har vitja oss. Dei har hatt eit ynskje om å oppleve dette med «fine dining», og då sparar dei heller på andre ting, ytrar ho.

Alt handlar om gode råvarer
I all hovudsak er dei tre faste medarbeidarar pluss kokk, og ein av dei tre faste har spesialkompetanse på vin. Ein del av utstyret har dei med seg i «sirkusvogna» si, medan dei låner resten lokalt.

Jannet Aksnes fortrur oss at kokkar ikkje likar uttrykket gourmetmat eller gourmetrestaurant. For dei handlar alt om gode råvarer, og det er det nok av her i landet. Og har ein gode råvarer i tillegg til ein flink kokk, så blir maten god. Så kan ein kalle det kva ein vil.

(©NPK)

Publisert: 08.04.2024 14:36

Sist oppdatert: 08.04.2024 15:05

Mer om