Dette seier Måløy-investoren Gunnar Carlson. Saman med lokale investorer som Skibenes-familien, Coast Seafood og andre engasjerer han seg no sterkt for å få ei næringsretta høgskuleutdanning innan industriell IT til Måløy.
- Dette er så viktig for Måløy, for Nordfjord, for heile Sogn og Fjordane og Vestlandet, at vi er villige til å gå inn med mykje kapital for å få ei slik utdanning på plass.
På kort tid har Måløy bygt opp ei rekkje IT-bedrifter. Mange er av dei er av dei leiande i Norge innanfor sine område.
- Den utviklinga som har skjedd her innanfor IT er heilt fantastisk. Det trengst meir folk som har rett kompetanse, som fagfolk innan drift og operasjon av IT-anlegg, seier Carlson.
Totalt er det hittil satsa ein kvart milliard på senteret, og meir kjem.
- Dette vert stort, og vil generere ei lang rekkje arbeidsplassar, seier Carlson.
Berre rundt LocalHost er det etablert eit trettitals arbeidsplassar, seier adm. dir Sindre Kvalheim.
Han meiner at ei næringsretta høgskuleutdanning i Måløy vil sikre vidare vekst og utvikling.
- Sogn og Fjordane er i ferd med å ta sin rettmessige plass som IT-fylke, og her er Måløy heilt i front på grunn av naturlege fortrinn basert på dei IT-relaterte bedriftene som allereie er etablerte.
- Skal vi fortsette vårt gode arbeid innanfor IT, må vi få på plass ei næringsretta IT-utdanning.
- Ja, berre sjå kva som har skjedd i etablerte seg der.
- Synergiane og avkastninga er enorm. Dette vil vi også sjå rundt Lefdal med tunge aktørar som IBM og Rittal inne.
Kvalheim viser til at Rittal åleine har 900 utviklarar i staben og sit på over 2000 datasenter-relaterte patentar.
- Og dette selskapet har altså valt Måløy som norsk satsingsområde. Dette må vi byggje vidare på.
- Politikarane ropar etter gründarar, privat kapital, innovasjon og industriell vekst. Her finn dei det.
Maurstad viser til at IT-Forum Sogn og Fjordane nyleg har fått 1,5 millionar kroner til å utvikle ei regionalt tilpassa IT-utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Hittil har Høgskulen i Sogn og Fjordane utdanning berre i Sogndal og Førde, men Maurstad var sjølv prosjektleiar då Høgskolen i Bergen i 2013 oppretta subsea ingeniørutdanning i Florø. Då gjekk Statoil og andre bedrifter inn med midlar.
- Her er det kort veg frå studie til praksis og vidare til jobb for studentane. Ei satsing i Måløy vil også vere med å styrke dei vidaregåande skulane i Måløy, Stryn og Eid.
- Ved Måløy vg skule har vi mellom anna TAF IT, som ein av dei første i landet.
Ho viser til at Måløy ikkje har offentlege arbeidsplassar.
- No meiner vi at det er vår tur.
- Eg reknar med at dei besluttande myndigheitene vil legge ei slik etablering der midlane gir beste avkastning - både for fylket og studentane.
- Då skulle beslutninga vere enkel. Då vil ei lokalisering til Måløy gi seg sjølv, den plassen i Sogn og Fjordane som ligg lengst framme på industriell IK-teknologi, seier Gunnar Carlson.
- Dette er så viktig for Måløy, for Nordfjord, for heile Sogn og Fjordane og Vestlandet, at vi er villige til å gå inn med mykje kapital for å få ei slik utdanning på plass.
På kort tid har Måløy bygt opp ei rekkje IT-bedrifter. Mange er av dei er av dei leiande i Norge innanfor sine område.
- Den utviklinga som har skjedd her innanfor IT er heilt fantastisk. Det trengst meir folk som har rett kompetanse, som fagfolk innan drift og operasjon av IT-anlegg, seier Carlson.
IBM og Rittal
Saman med LocalHost og andre Måløy-investorar eig han 50,7 prosent av storsastsinga Lefdal Mine Datacenter, der ein har fått med seg gigantar som IBM og tyske Rittal til å satse på eit gedigent datasenter i gruvegangane i Bryggja.Totalt er det hittil satsa ein kvart milliard på senteret, og meir kjem.
- Dette vert stort, og vil generere ei lang rekkje arbeidsplassar, seier Carlson.
Måløy i front
I Måløymiljøet er det dei siste åra skapt mange andre høgteknologiske bedrifter. Her har ein teknologibedrifter som VideoNor, Seevia, NetPartner, Nordwest 3d, Stadt Towing Tank og Easy Form.Berre rundt LocalHost er det etablert eit trettitals arbeidsplassar, seier adm. dir Sindre Kvalheim.
Han meiner at ei næringsretta høgskuleutdanning i Måløy vil sikre vidare vekst og utvikling.
- Sogn og Fjordane er i ferd med å ta sin rettmessige plass som IT-fylke, og her er Måløy heilt i front på grunn av naturlege fortrinn basert på dei IT-relaterte bedriftene som allereie er etablerte.
- Skal vi fortsette vårt gode arbeid innanfor IT, må vi få på plass ei næringsretta IT-utdanning.
Store synergiar
Han meiner ei plassering av ei næringsretta IT-utdanning i Måløy vil ha store synergiar.- Ja, berre sjå kva som har skjedd i etablerte seg der.
- Synergiane og avkastninga er enorm. Dette vil vi også sjå rundt Lefdal med tunge aktørar som IBM og Rittal inne.
Kvalheim viser til at Rittal åleine har 900 utviklarar i staben og sit på over 2000 datasenter-relaterte patentar.
- Og dette selskapet har altså valt Måløy som norsk satsingsområde. Dette må vi byggje vidare på.
- Politikarane ropar etter gründarar, privat kapital, innovasjon og industriell vekst. Her finn dei det.
Ordførarstøtte
Planane får sterk støtte frå Nordfjord Vekst og frå Vågsøy kommune ved ordførar Kristin Maurstad (Ap).Maurstad viser til at IT-Forum Sogn og Fjordane nyleg har fått 1,5 millionar kroner til å utvikle ei regionalt tilpassa IT-utdanning ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Hittil har Høgskulen i Sogn og Fjordane utdanning berre i Sogndal og Førde, men Maurstad var sjølv prosjektleiar då Høgskolen i Bergen i 2013 oppretta subsea ingeniørutdanning i Florø. Då gjekk Statoil og andre bedrifter inn med midlar.
Kort veg frå studie til jobb
Ho meiner at alt ligg til rette for eit tett samspel mellom næringsliv og utdanningsinsinstitusjonar også i Måløy.- Her er det kort veg frå studie til praksis og vidare til jobb for studentane. Ei satsing i Måløy vil også vere med å styrke dei vidaregåande skulane i Måløy, Stryn og Eid.
- Ved Måløy vg skule har vi mellom anna TAF IT, som ein av dei første i landet.
Ho viser til at Måløy ikkje har offentlege arbeidsplassar.
- No meiner vi at det er vår tur.
- Måløy gir seg sjølv
Pådrivarane for å få eit høgskulestudium til Måløy er ikkje redde for at Måløy ligg for langt nord i fylket til å få eit slikt studium.- Eg reknar med at dei besluttande myndigheitene vil legge ei slik etablering der midlane gir beste avkastning - både for fylket og studentane.
- Då skulle beslutninga vere enkel. Då vil ei lokalisering til Måløy gi seg sjølv, den plassen i Sogn og Fjordane som ligg lengst framme på industriell IK-teknologi, seier Gunnar Carlson.
Politikarane ropar etter gründarar, privat kapital, innovasjon og industriell vekst. Her finn dei det
Publisert: 12.12.2015 06:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:51