Opnar nettportal paa tre spraak
PORTAL: Næringsrådgivar Inger Synnøve Remme og rådmann Turid Hanken, håpar mange vil nytte seg av den nye nettportalen,  
Nytt

Opnar nettportal på tre språk

Innvandrarar utgjer 15,3 prosent av folket i Haram. No vert det satsa på nettportal på tre språk.

15.03.2016
Ein ny nettportal () skal få fart på integreringa av innvandrarar i Haram. Fullspekka med informasjon og på tre språk, skal portalen gjere det lettare å navigere i offentlege tenester, private bedrifter og få oversikt over fritidsaktivitetar.
Dette skriv kommunen i ei pressemelding tysdag.

Arbeidsinnvandring

Dei fleste innvandrarar i kommunen er arbeidsinnvandrar innan den maritime industrien, men det er også fleire andre som treng informasjon om kva for tilbod som er i lokalsamfunnet.
- Nettportalen er eit av tiltaka vi har sett i verk for at folk skal kjenne seg velkomne når dei flyttar til Haram. Her kan ein finne relevant informasjon både med tanke på jobb og fritid. All informasjon er presentert på engelsk og polsk i tillegg til norsk, seier rådmann Turid Hanken, i pressemeldinga.

Lagbygging

Kommunen opplyser at ein har tradisjon for å ta godt i mot alle som flyttar til kommunen. Dette har vore naudsynt for å sikre arbeidskraft til industrien. Kommune og næringsliv har difor også gått saman om slagordet; «Haram – tradisjon for lagbygging i verdsklasse!».
- Utan arbeidsinnvandring hadde vi aldri vore der vi er no. Vi har vore heilt prisgitt arbeidskraft frå andre land gjennom fleire år. Det skulle difor berre mangle at vi ikkje legg til rette for at dei skal trivast når dei bur her, seier Inger Synnøve Remme, næringsrådgivar i Haram Næring og Innovasjonsforum.

Integrering

Språk er ein vesentleg faktor for vellukka integrering. Haram har difor tidlegare etablert ei tilflyttarteneste på servicetorget, og det blir halde arbeidsretta norskkurs.
- Vi såg at mangelfulle norskkunnskapar hindra mange i å delta i fritidsaktivitetar, som igjen er ein viktig faktor for å bli integrert i lokalsamfunnet. Vi styrka difor norskopplæringa for dei som kjem hit. Med den nye nettportalen tar vi steget enda lenger, seier Remme.
All informasjon er presentert på engelsk og polsk i tillegg til norsk

Publisert: 15.03.2016 14:03

Sist oppdatert: 10.02.2021 13:54