Leon Knapskog Silje Øygard Øyvind Haugland foto Ogne
STARTA MED BRYGGERIPLAN, BLEI RESTAURANT: Leon Knapskog (t.v), Silje Øygard og Øyvind Haugland (t.h) opna restauranten Aske Bryggeri på Nordfjordeid i 2018. Fjerde aksjonær er Espen Heia. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Opp for bakeri, ned for restaurant

Minibakeriet på Nordfjordeid miste store kundar då koronaepidemien kom, men auka likevel salet.

06.05.2021

Sveler til ferja Lote-Anda, leveransar til kantiner og til kafear. Dette blei det mindre av då koronaepidemien og tiltaka mot den kom i mars 2020.

Minibakeriet på Nordfjordeid, som blei skipa og er eigd av Leon Knapskog, svarte mellom anna med å tilby matkasser på døra til kundane.

Auka oppslutning om lokale butikkar gav og god drahjelp, slik at Minibakeriet gjekk ut av 2020 med høgare inntekter enn selskapet hadde året før (sjå tabell).

Både Minibakeriet og restauranten Aske Bryggeri kunne også nyte godt av ein svært god sommar i fjor.

Over eitt år ute i epidemien er imidlertid den positive effekten frå lokalsamfunnet ikkje like sterk lenger, meiner Knapskog.

- Så langt i år er det ikkje like bra, seier Knapskog om driftsinntektene til Minibakeriet.

Pussa opp og forenkla
Knapskog er og medeigar og ein av grunnleggarane av restaurantselskapet Aske Bryggeri, som ligg like ved Minibakeriet i handlegata på Nordfjordeid.

Både Minibakeriet og Aske Bryggeri kutta kostnadar i koronaåret, kustnadskutt som Knapskog rekna med vil kome selskapa til gode også når epidemien er over.

Smittevernomsyn gjer at restauranten kan ha langt færre gjestar enn vanleg. Den er ombygd og pussa opp under epidemien for mellom anna å tilpasse seg smittevernomsyn. Menyen er også forenkla for å redusere kostnadane.

Aske Bryggeri as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter4,1

5,0

Driftsresultat0,010,02
Resultat før skatt-0,03-0,02
Minibakeriet as
Tal i mill. kroner20202019
Driftsinntekter5,44,8
Driftsresultat0,30,2
Resultat før skatt0,30,2

Publisert: 06.05.2021 08:54

Sist oppdatert: 06.05.2021 08:53