Ola Kvalheim Ode sjef på anlegg i Alida i Volda foto Ogne
BYTTERRETT PÅ VILKÅR: Ode-sjef Ola Kvalheim på selskapet sitt torskeoppdrettsanlegg ved Alida i Volda. Regjeringa vil at løyve til å drive oppdrett ikkje lenger skal vere knytt til ein bestemt art, men vilkåra for å bytte gjer at Ode meiner det i realiteten er få som får høve til å gjere det, mellom anna fordi dei har lakseoppdrettsanlegg i nærleiken, slik Ode sitt anlegg i Alida har.. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppdrettarane får bytte fiskeslag, på vilkår

Løyve til å drive fiskeoppdrett skal ikkje lenger vere knytt til kva fisk som er i anlegget.

14.04.2025

I havbruksmeldinga som fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss la fram i førre veke skriv regjeringa at løyve til å drive oppdrett i eit bestemt geografisk område ikkje lenger skal "inneholde mengde- eller artsbegrensninger".

Nett No spurte departementet om dette betyr at oppdrettsselskap som i dag for eksempel driv med torskeoppdrett, kan legge om til lakseoppdrett, og omvendt?

Svaret er ja, men på vilkår.

Dette skriv departementet: "Ja, med mindre det følger restriksjoner på valg av art i annet regelverk (eksempelvis hensyn til nasjonale laksefjorder/vassdrag, gytefelt for torsk, avstand til annet oppdrettsanlegg med samme art mv.)"

Lønsamt med laks
Fram til i dag har lakseoppdrett vore klart meir lønsamt enn torskeoppdrett. 

Falk D. Øveraas, som har ansvar for samfunns- og styresmakt-kontakt i torskeoppdrettselskapet Ode i Ålesund ventar imidlertid ikkje ei storstilt omlegging, korkje den eine eller andre vegen.

– Den store store massen (av torskeoppdrettanlegg, red. merk) ligg sånn til at det inneber ein ny behandling av søknaden å legge om til laks, seier han.

Grunnen er at ei omlegging i mange tilfelle vil kome i konflikt med vilkåra departementet listar opp i svaret sitt. For lakseoppdrettarar som eventuelt vil legge om til torsk for å reduserer lakselusproblemet. vil avstand til gytefelt og andre torskeoppdrettsanlegg slå inn, etter Øveraas si vurdering.

Nytt system
I havbruksmeldingen foreslår regjeringa å endre reglene for korleis mengda laks som kan stå i sjøen skal regulerast. I staden for at selskapa har ein maksimal biomasse, eit tak på mengda laks, skal laksemengda i staden bli regulert ut frå kor mykje lakselus som er i sjøen.

Lakselus er ein liten krepseart som snyltar på fisken, og er ein plage både for oppdrettslaks og villlaks.

Bauta Group, som er hovudaksjonær i eit selskap som vi bygge lukka flytande oppdrettsanlegg, ventar at den nye politikken vil slå positivt ut. 

Lukka anlegg skal i utgangspunktet fjerne heile lakselusproblemet, og dermed opne for auka produksjon for dei oppdrettsselskapa som satsar på slike anlegg. 

Publisert: 14.04.2025 14:49

Sist oppdatert: 14.04.2025 19:42

Mer om