Gangsø Eftf eig og driv Fagmøblerbutikken i Deknepollen ved Måløy.
I fjor auka salet med 13 prosent og driftsinntektene tangerte førre rekord for butikken, frå 2011.
Gangsø Eftf. as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 16,4 | 14,4 |
Driftsresultat | 0,8 | 0,5 |
Resultat før skatt | 0,7 | 0.5 |
Gangsø Eftf er største selskap i Gangsø Holding-konsernet, eit familieeigd selskap som driv med handel og eigedom. Mellom anna driv dei kjøpesenter i Deknepollen, som også huser møbelbutikken og sportsutstyrsbutikken Sport Måløy.
Frå 2015 og ut 2018 dreiv Gangsø Eftf Fagmøbelbutikk både i Måløy og Stryn, Ved årsskiftet 2028/2019 stengde selskapet dørene i Stryn, noko som gav ein nedgang i driftsinntektene på over fem millionar kroner frå 2018 til 2019.
Nesten halvparten av den nedgangen i driftsinntekter blei henta inn att i fjor.
Sports Måløy as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 10,2 | 8,7 |
Driftsresultat | 0,6 | 0,3 |
Resultat før skatt | 0,5 | 0,2 |
P.G. Frantzen Eiendom as | ||
Tal i mill. kroner | 2020 | 2019 |
Driftsinntekter | 4,6 | 4,9 |
Driftsresultat | 1,4 | 1,6 |
Resultat før skatt | 0,8 | 0,7 |
Publisert: 29.03.2021 13:04
Sist oppdatert: 29.03.2021 13:15