Ny nedtur for moebelhandel
NEI TAKK: Ikea trekte seg frå etablering i Ålesund. Dei tradisjonelle møbelbutikkane - Ikea medrekna - har motbør. 
Nytt

Ny nedtur for møbelhandel

For fjerde år på rad går det nedover for møbelbutikkane på Nordvestlandet.

10.08.2019
I 2015 selde møbelhandlarane på Sunnmøre og i Nordfjord for 325 millionar kroner og sat att med eit resultat før skatt på 19 millionar (5,8 prosent av driftsinntektene).
I 2018 var tilsvarande tal 281 millionar kroner og eit resultat før skatt på 3,6 millionar kroner (1,3 prosent av driftsinntektene).


Resultatmarginen - som er resultatet før skatt i prosent av driftsinntektene - var seks prosent i 2015, 4,5 prosent i 2016, 1,2 prosent i 2017 og 1,3 prosent i 2018.

På topp

Som i 2017 er det Møbelhuset Ørsta som kan vise til den beste lønsemda. Slettvoll-butikken i Ålesund er nummer to, men i år er det blitt eit klarare skille mellom Møbelhuset Ørsta og resten. (Sjå tabell over resultatmargin til høgre, eller på slutten av sida om du les på mobil)
Møbelhuset Ørsta er medlem i Møbelringen-kjeden og er eigd 51/49 av Øyehol Eiendom og Margrete Sørensen sitt selskap Sørensen og Hagen. Sørensen driv butikken saman med ektemannen Dag Tore Hagen. Øyehol Eiendom er også majoritetseigar i Møbelringenbutikken i Ulsteinvik.
(Den gode resultatmarginen for Måløy-bedrifta Gangsø Eftf i 2018 skuldast reknskapsmessige konsekvensar av at to av sønene i familien kom inn på eigarsida i selskapet. Korrigert for den effekten er resultatet for Gangsø Eftf i 2018 omlag som i 2017.
Sjå tabell til denne artikkelen, med reknskapstal for alle selskapa ved å klikke på linken i slutten av artikkelen. Tabellen omfattar kjedetilknytta møbelbutikkar og ein større frittståande møbelhandlar på Sunnmøre og i Nordfjord).

Mikrovekt før nedtur

Bror Stende, fagdirektør for faghandel i bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen Virke, seier tradisjonelle møbel- og interiørbutikkar hadde eit fall i driftsinntektene på 2,5 prosent frå 2017 til 2018.
Frå 2008 til 2017 var det vekst, men berre 2,2 prosent. Det betyr ein svært liten vekst på årsbasis.
Stende meiner lønsemda møbelhandelen har kome under press på grunn av valutakursutviklinga. Importerte møblar har blitt dyrare, og då butikkane prøvde sette opp prisane i 2016-2017 for å ta inn noko av prisauken reagerte kundane negativ, og butikkane måtte reversere prisauken.

Nye konkurrentar

Stende kan ikkje svare på om nedgangen for etablerte butikkar skuldast at møblane er blitt billegare eller om det skuldast at vi handlar færre møblar.
Men ei forklaring er han sikker på, dei tradisjonelle møbelhandlarane har fått konkurranse frå såkalla butikkar med breitt sortiment. Hagesenter, Jula og Europris sel hagemøblar.
Også netthandelen aukar, sjølv om det førebels er frå eit lavt nivå. I fjor var auken i netthandelen med møblar og interiørvarer 6,6 prosent.

Fagmøbler mest opp

Fagmøbler-kjeda selde for 0,8 milliardar kroner i fjor i følgje Virka og auka mest av kjedene, med 6,5 prosent.
På andreplass av møbel- og interiørkjeden kom Jysk, med eit sal på 1,9 milliardar kroner og ein auke på 5,5 prosent. Bohus auka med 3,2 prosent til 2,3 milliardar.
Ikea hadde ein nedgang på 1,7 prosent, til 7,3 milliardar. Skeidar fall 5,8 prosent, til 1,9 milliardar kroner.
Møbelringen hadde det verste året i fjor, eit fall på 8,3 prosent til 1,4 milliardar kroner.

Publisert: 10.08.2019 06:00

Sist oppdatert: 10.02.2021 14:38