Flakk Vestre
DÅRLEG ÅR: Med aksjekursen som målestokk vart 2021 eit dårleg år for mange selskap på Nordvestlandet. Verst gjekk det utover Hexagon Composites og Hexagon Purus, der Knut Flakk (t.v.) har store eigarinteresser. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

21 milliardar borte

Medan den samla verdien av selskapa på Oslo Børs steig over 20 prosent, fall verdien av dei fleste børsnoterte selskapa på Nordvestlandet kraftig i 2021.

30.12.2021

ANALYSE

Over 21 milliardar mindre verdt. Det er fasiten for korleis det samla sett gjekk med dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet i 2021.

Sett frå Nordvestlandet, kan børsåret 2021 oppsummerast i tre faktorar: Stort verdifall, verdifall også hos fleirtalet av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet og at det samstundes har blitt mange fleire selskap som har blitt børsnotert.

Av dei 16 selskapa i NETT NO si oversikt, som du ser i tabellen i slutten av denne artikkelen, hadde 10 ei negativ kursutvikling på børsen i 2021. For åtte av dei var det snakk om eit fall i aksjekursen på over 20 prosent.

Det er oppdrettselskapet Atlantic Sapphire og Hexagon Purus og Hexagon Composites som står for storparten av verdifallet. Hexagon Purus lagar tankar og -system for bruk av hydrogen som drivstoff og energiberar. Hexagon Composites lagar tilsvarande for bruk av natur- og biogass og er storaksjonær i Hexagon Purus.

Dei tre selskapet åleine hadde eit verdifall på 21 milliardar kroner i 2021.

Alle tre selskapa starta dessutan 2020 med ein børsoppgang. Målt mot toppnoteringane i 2020 er dei tre selskapa samla sett verdt omlag 31 milliardar kroner mindre enn på toppen i år.

Svimlande summar, men kanskje verdifallet er meir resultatet at av verdiane ein kort periode blei blåst opp ut over all fornuft, enn ein fundamental svikt i marknaden selskapa satsar på.

Svekka tillit
Atlantic Sapphire sitt kursfall kan forklarast med at selskapet har hatt fleire tekniske problem, som har gjort investorar skeptiske til om selskapet vil lukkast med den store oppskaleringa av sitt landbaserte lakseoppdrettsanlegg ved Miami.

HEXAGON PURUS quote chart
OPP, OG NED: Kursutviklinga til Hexagon Purus i 2021. På topp var selskapet verdsett til over 19 milliardar kroner. Skjermfoto frå Oslo Børs.

Hexagon Composites skilde ut den delen av verksemda som dreiv med utvikling og produksjon av tankar og tanksystem for bruk av hydrogen som drivstoff og energikjelde. Verksemda vart skild ut i datterselskapet Hexagon Purus, som blei børsnotert i desember 2020. Hexagon Composites er majoritetseigar med 75 prosent av aksjane, og den store aksjeposten gjer at kursutviklinga i Hexagon Compositets er knytt tett saman med kursutviklinga til Hexagon Purus. Flakk-familien i Ålesund er nest største eigar i Hexagon Composites.

Hexagon Purus blei skild ut og børsnotert i det begeistringa blant aksjeinvestorar for alt som kunne kalle seg grønt og miljøvenleg, var på veg rett opp.

Investorane som gjekk inn med eigenkapital før børsnoteringa, til ein aksjekurs på 27,50 kroner per aksje. Første børsdag var aksjekursen 40 kroner. Toppen blei nådd 8. januar 2021, med 82,1 kroner per aksje. Det verdsette Hexagon Purus til 19,2 milliardar kroner.

Den veldige begeistringa på børsen for alt som var grønt kjølna relativt fort, og det fekk mellom andre eigarane i Hexagon Purus og Hexagon Composites merke på aksjekursutviklinga.

Krev tolmod
Det som er felles for fleire av børstaparane frå Nordvestlandet er at investorane etterkvart har forstått at både store inntekter og lønsemd ligg fram i tid, og delvis langt fram i tid.

Det gjeld mellom andre Hexagon Purus, der hydrogenmarknaden selskapet satsar på berre i startgropa. Det gjeld ikkje minst Arctic Bioscience i Hovdebygda i Ørsta, som utviklar legemiddel basert på silderogn. Å få utvikle og godkjent legemiddel er ein årelang prosess og Arctic Bioscience startar først i år på den siste og store studien av sitt første legemiddel, ein medisin som dempar symptoma til hudsjukdomen psoriasis.

Hofseth Biocare vidareforedlar avskjer og restråstoff frå oppdrettsnæringa. Det blir til alt frå tilsetningsstoff til kjæledyrfôr og helsekostprodukt, og selskapet arbeider med å utvikle produkt som kan bli legemiddel.

Ein intensjonsavtale med det Nestlé-eigde amerikanske helsekostfirmaet Garden of Life i 2019 sende aksjekursen i Hofseth Biocare rett opp, men selskapet har framleis til gode å levere overskot, og gjennom 2021 har aksjekursen falle.

Mobitalk AS Christian Pritchard 2
BØRSVINNAR: Nortel-grunnleggar og -sjef Christian Prichard har Nortel-aksjar for 82,5 millionar kroner.

Fleire på børs
Etter ein periode der det blei færre børsnoterte selskap frå Nordvestlandet - mellom dei Vard, Ekornes og Fjord1 - har børsnotering fått eit oppsving:

Arctic Bioscience blei børsnoterte i februar 2021.
Hav Group blei skilt ut frå Havyard Group og børsnotert i mars 2021. Torskeoppdrettselskapet Statt Torsk blei børsnotert i april 2021.
Havila Kystruten blei børsnotert i august 2021.
Norva24 blei børsnotert i desember 2021 (på børsen i Stockholm).

Det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution, telekommunikasjonsselskapet Nortel og Hexagon Purus blei børsnotert i 2020.

NETT NO har også tatt med industriselskapet Endúr i oversikta over børsnoterte selskap for Nordvestlandet, sjølv om Endúr har adresse og hovudkontor i Bergen. Grunnen til at selskapet likevel er med er at dei tidlegare eigarane av ingeniør- og prosjekteringselskapet Artec Aqua i Ålesund blei største eigarar i Endúr i år, då Endúr kjøpte Artec Aqua. Artec Aqua er dessutan det viktigaste selskapet i Endúr-konsernet.

Sparebanken Møre på topp
Sparebanken Møre er den klare vinnaren blant dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet, med ein kursoppgang på eigenkapitalbevisa sine på 50 prosent.

På andreplass kjem telekommunikajsonsselskapet Nortel, der dagleg leiar og primus motor Christian Pritchard no har aksjar for 82,5 millionar kroner. Pritchard eig selskapet Proff Invest, som er største aksjonær, med 20,9 prosent av aksjane.

Blant vinnaraksjane er også det landbaserte oppdrettselskapet Salmon Evolution, som har hatt ei verdistigning trass i at investorarar har blitt meir skeptiske til landbasert oppdrett etter Atlantic Sapphire sine vanskar i år.

På plussida er også Havila Shipping og Havila Kystruten.

Børsåret 2021
Kursutvikling for selskapa på Nordvestlandet
Selskap Kursutvikling i % Børsverdi, i mill. kr.
Atlantic Sapphire -64,79 3847
Hexagon Purus -56,71 5044
Endúr -43,52 940
Hexagon Composites -40,15 6601
Arctic Bioscience -35,27 433
Havyard Group -29,89 172
Hofseth Biocare -29,59 2469
Golden Energy Offshore Services -23,08 34
Hav Group -7,82 497
Statt Torsk -1,61 456
Havila Kystruten 0 1142
Norva24* 8,84 6236
Havila Shipping 25,45 98
Salmon Evolution 25,55 2673
Nortel 37,5 396
Sparebanken Møre 50 4390
SUM 35428
*I svenske kroner
Verdiendring er rekna frå årskiftet 2020/2021
eller frå noteringstidspunktet for selskap
som er tatt opp til notering i år

Publisert: 30.12.2021 14:55

Sist oppdatert: 04.01.2022 14:29

Mer om