Podium montasje christian pritchard tore tønseth 33
BØRS: Nortel-sjef Christian Pritchard (t.v.) og investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital fortel om sine erfaringar med børs i ny episode av Podium.
Nytt

Ny Podium-episode: Børs

Tore Tønseth i Ronja Capital om kvifor ein bør gå på børs – og Nortel-gründer Christian Pritchard om deira rekordraske prosess (ope sak).

09.11.2021

I den nyaste episoden av podcasten Podium handlar det om børs. Kvifor vel eit selskap å gå børs, kva tid er det rett for eit selskap å gjere det, og bør det vere eit mål for alle selskap å vere børsnoterte?

Det er berre noko av det investeringsdirektør Tore Tønseth i Ronja Capital og Nortel-gründer Christian Pritchard snakkar med programleiarane Olav Sindre Kriken og Anja Solevågseide om.

Podium

E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth

Notering kan vere ein quick fix

I Podium fortel Tore Tønseth at det kan vere ei rekke ulike motiv for selskap å gå på børs.

- Kanskje har du lyst på meir kapital, eller likviditet i selskapet, eller kanskje du vil ha en pris på selskapet og kor finne ut mykje ein eigentleg er verd.

– Det er ikkje eit eksakt svar på det, legg han til.

Tønseth fortel at ein sjeldan ser selskap verdt mindre enn 200-300 millionar kroner vurdere notering. Børsnotering kan vere ein quick fix for å få pengar, men du må vite kva som møter deg, påpeiker han. Rapporteringsplikter og fokus på media krev sitt.

Nortel notert i rekordfart
Nortel-gründer, Christian Pritchard, gjekk i fjor gjennom prosessen med å notere teleselskapet på marknadsplassen Euronext Growth.

Ålesund-selskapet har gått motstraums på fleire vis. Nortel er både mindre enn dei fleste som vel å gå for notering, og prosessen gjekk langt raskare enn for dei fleste.

– Vi såg at veksten kom hurtigare enn det vi venta og at Euronext ville vere rett, fortel Pritchard i podcasten.

Tilgang til kapital, gjere marknaden og kundar trygge på selskapet og få arbeidsro frå dei store konkurrentane, er motiva Nortel-sjefen trekk fram for å notere selskapet.

Podium

E14/S2 Børs med Christian Pritchard og Tore Tønseth

Podium er ein podkast om og for næringslivet på Sunnmøre og Nordfjord frå NETT NO i samarbeid med advokatfirmaet Adviso og Pir.

Podcasten er eit annonseprodukt. Kvar episode har gjestar frå det regionale næringslivet som diskuterer aktuelle tema.

Publisert: 09.11.2021 09:21

Sist oppdatert: 25.11.2021 08:53

Mer om