Verft vard langsten kystvakt 11
MEIR ARBEID: Kystvakt-skipa som blir bygd hos Vard Langsten nesten doblar inntektene for forretningsområde offshore og spesialskip i Fincantieri. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Opptur med kystvaktskip

Oppdraget gir inntektsauke for Vard-eigar Fincantieri.

07.11.2022

Bygginga av dei nye fartøya for Kystvakta medverkar til å nesten doble driftsinntektene til forretningsområde offshore- og spesialskip i Fincantieri-konsernet.

Fincantieri er ein av dei største private arbeidsgivarane på Nordvestlandet via Vard-selskapet, som har hovudkontor i Ålesund.

Gjennom datterselskapet Vard eig Fincantieri skipsverfta Vard Langsten, Vard Brattvåg og Vard Søviknes, elektrofirmaet Vard Elektro, Vard Design og Seaonics - som mellom anna lagar kraner og gangvegar.

Forretningsområdet offshore-og spesialskip er ei reindyrka Vard-verksemd i det børsnoterte Fincantieri-konsernet.

Det omfattar alt frå bygging av kystvaktskip, til servicefarty for både oljebransjen og vindkraftbransjen, kabelleggarar og fiskebåtar. Neste år skal forretningsområdet offshore-og spesialskip levere 14 skip, mot fem i år.

Lønsemda er gradvis betra i dette forretningsområdet. Fincantieri offentleggjer berre driftsresultat før av- nedskrivingar i kvartalsrapportane (sjå tabell).

Forretningsområdet skipsbygging omfattar den øvrige skipsbyggingsverksemda til Fincantieri, frå store cruiseskip og militærfartøy i Italia til mindre cruiseskip ved Vard-verfta i Noreg.

Les børsmelding her

Fincantieri (konsern)
Pr. 3. kvartal. I mill.Euro20222021
Driftsinntekt53434771
Driftsresultat før av- og nedskriving172330
Forretningsområde skipsbygging
Pr. 3. kvartal. i mill. euro20222021
Driftsinntekt42964224
Driftsresultat før av- og nedskriving243303
Forretningsområde offshore og spesialskip
Pr. 3. kvartal. i mill. euro20222021
Driftsinntekt544313
Driftsresultat før av- og nedskriving156

Publisert: 07.11.2022 20:44

Sist oppdatert: 07.11.2022 21:26

Mer om