Vard har overlevert rekordskip
Det siste av to milliardskip er overlevert til Viking Cruises.
I 2018 skreiv Viking Cruises og Vard under på ein intensjonsavtale om å bygge to ekspedisjonscruiseskip til omlag 4,5 milliardar kroner.
Intensjonsavtalen blei til ein bindande avtale og no er det siste av dei to skipa, «Viking Polaris» overlevert til reiarlaget.
Det er Vard Søviknes som har utrusta skipa, medan skroga er bygd hos Vard Tulcea i Romania.
Cruiseskipet er 205 meter langt og 23,5 meter breitt og er bygd for reiser i
Antarktis og på dei store innsjøane i Nord-Amerika. Passasjerkapasiteten er 378 personar fordelt på 189 lugarar.
«Viking Polaris» og søsterskipet «Viking Octantis» er dei lengste skipa Vard hittil har bygd. «Viking Octantis» blei overlevert i desember i fjor.
Publisert: 28.09.2022 12:27
Sist oppdatert: 28.09.2022 14:26