Mathias Sandnes salsjef Optimar foto Optimar
TRAVLE TIDER: Kontraktar som blei sett på vent på grunn av koronapandemien kjem no til signering. Salssjef Mathias Sandnes i Optimar ventar travle tider. Foto: Optimar
Nytt

Optimar-kontrakt til Chile

- For oss på sal byrja det å dra seg til seg til, seier salssjef Mathias Sandnes i Optimar.

13.12.2021

Optimar skal levere eit fabrikkanlegg til det chilenske fiskeri- og fiskeindustrin selskapet Orizon sitt pelagiske anlegg i Concepción i Chile.

Partane opplyser ikkje kor stor kontrakta er i kroner, men salssjef Mathias Sandnes i Optimar seier til NETT NO at det er ei kontrakt av "betydeleg størrelsen" og den største kontrakta innan pelagisk industri som Optimar har signert på tre år.

Fabrikken i Concepción produserer både rundfryst fisk og hermetikk og Optimar skal levere eit ei anlegg som tek seg av alt frå mottak og sortering av fisk etter storleik til pakkeliner.

Vekst på veg
Tidlegare i år har Optimar signert tre liknandne kontraktar i Chile, og Sandnes seier han no ser eit generelt oppsving i marknaden.

Koronapandemine bremsar mengda med nye kontraktar som vart signert. Dei som måtte investerer gjorde det, medan andre venta, ifølgje Sandnes.

Arbeidet med å førebu nye investeringar har imidlertid ikkje stått stille, og no blir fleire og fleire avtalar gjort klare for signering.

- For oss på sal byrja det å dra seg til seg til, seier salssjef Mathias Sandnes i Optimar.

Valderøya og Spania
Storparten av utstyret anlegget i Concepción blir produsert på Optimar sine anlegg på Valderøya og i Spania.

Det tyske Haniel-konsernet kjøpte Optimar i 2017 frå investeringselskapet Credo og grunnleggarane av selskapa som inngjekk i Optimar-konsernet.

Så seint som i 2017 hadde Optimar eit resultat før skatt som tilsvara nesten ti prosent av driftsinntektene. Både 2018 og 2019 enda i minus, men i 2020 gjekk Optimar med overskot igjen.

Publisert: 13.12.2021 08:54

Sist oppdatert: 13.12.2021 08:55

Mer om