Gjendemsjø Seafood kabaret innfelt Leidulv Longva foto Gjendemsjø Seafood 1 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPTIMIST: Leidulf Longva og Gjendemsjø Seafood ser for seg auka produksjon og fleire tilsette framover. Foto: Ogne Øyehaug/Gjendemsjø Seafood
Nytt

Optimisme ved Gjendemsjø Seafood

Haram-bedrifta satsar på nye produkt etter å ha utvida fabrikken.

03.04.2023

- Nybygget fungerer godt og vi ser for oss fleire tilsette og større produksjon framover.

Det seier dagleg leiar Leidulf Longva i Gjendemsjø Seafood.

Selskapet disponerer no ein fabrikk på 1.700 kvadratmeter i Hellandshamn etter å ha investert rundt 30 millionar kroner på utvidinga.

- Alt går etter plan her og vi jobbar mykje med produktutvikling og har sterkt fokus på miljø og berekraft i alt vi gjer, seier Longva.

I fjor omsette selskapet for 73,5 millionar kroner, og hadde eit resultat før skatt på 2,4 millionar. Omsetningsmessig var dette det tredje beste året for fiskematprodusenten som har ein femtiårig tradisjon.

(saka held fram etter tabellen)

Gjendemsjø Seafood
Årsresultat (i mill kr) 2022 2021
Driftsinntekter 73,5 76,1
Driftsresultat 2,7 2,1
Resultat før skatt 2,4 2,4

Stor tru på sild og makrell
Gjendemsjø Seafood er store på produksjon av ulike rettar av sild, som tomatsild, sennepssild, sursild og spekesild.

Men ein sel også peparmakrell og varm- og kaldrøkt makrell, i tillegg til kabaret av skaldyr og reke.

Mottakarar er både hotellmarknaden, hurtigruter, restaurantar og dei store daglegvarekjedene.

No skal det også satsast på dyrking av tare. Samstundes har selskapet spissa satsinga på sild og makrell og kutta ut ein del område som ifølgje Longva gav meir arbeid enn avkastning.

Han har spesielt stor tru på sild, og viser til at dagens foredlingsmetoder fjernar bein og seigt skinn, noko som tidlegare gav silda eit ufortent rykte som hushaldningsprodukt. Denne tida meiner Longva no er forbi.

Ny emballasje
Selskapet har også skifta ut runde glas med firkanta glas i emballasjen for silderettane, noko som har gitt betre plassutnytting og direkte utslag på botnlinja.

Selskapet har ein samla eigenkapital på 13,3 millionar kroner og null i langsiktig gjeld.

I fjor sysselsette selskapet 13 årsverk.

Leidulf Longva og familien er største aksjonær med 80 prosent, medan Henden Fiskeindustri på Averøya eig 20 prosent.

Publisert: 03.04.2023 08:35

Sist oppdatert: 03.04.2023 09:06

Mer om