Ulstein Verft melder om to milepåler måndag: Kabelskipet Nexans Electra er overlevert og ombygginga av Olympic Notos er ferdig.
Nexans Electra blei nyleg døypt på Hareid, og 18. juni blir det halde ei internasjonal markering på Akershuskaia i Oslo.
Dit kjem toppleiinga i Nexans, tilsette frå heile Norge og inviterte gjestar frå Europa, ifølgje ei pressemelding frå Nexans.
Oppdragsgivaren meiner det er snakk om verdas mest avanserte skip for legging av kablar på havdjupet og Nexans Norge-sjef Lars Eriksen fortalde til Nett No under dåpen at det var gode sjansar for at dei ville bestille nok eit slikt skip frå Ulstein.
Verftet melder også at dei er ferdige med ei ombygging av Olympic Notos. Det har omfatta utskifting av det eksisterande gangvegsystemet, med ei spesialisert løysing utvikla for Yggdrasil-utbygginga på norsk sokkel.
Etter offshoretesting vil skipet vere klart for eit langtidsoppdrag for Aker BP.
Olympic Notos og systerskipet Olympic Boreas er begge bygd på Ulstein Verft og var opphavleg skreddarsydd for oppdrag i vindkraftbransjen.

Publisert: 18.05.2026 12:05
Sist oppdatert: 18.05.2026 12:05






