Torbjørn Røe Isaken Jan Vidar Nabalt foto Ogne
Dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (t.v) får forklart ideen bak Bagid av grunnleggar og medeigar Jan Vidar Nalbant. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Over 12 millionar til Bagid

Litt over halvvegs mot full uttelling.

15.08.2022

Inspirerte av suksessen Inseanergy i Ålesund hadde med å hente inn kapital gjennom Folkeinvest satsa bagasjebrikke-selskapet Bagid på same framgangsmåte.

Iseanergy sin ide er å bruke utrangerte oppdrettsanlegg til solkraft- og eventuelt hydrogenkraftverk. Selskapet henta inn 30 millionar kroner i ein av dei største kapitalutvidingan gjort gjennom Folkeinvest.

Bagide lagar ein sporbar bagasjebrikke som skal forenkle bagasjeinnsjekking på flyplassane, som gjer det råd å spore bagasjen til ei kvar tid og som potensielt også kan vidararutviklast til bruk i godstransport.

Målet til Bagid er å hente inn mellom 9,5 og 22 millionar kroner. To dagar før teikningsperioden går ut har investorar teikna seg for 12,2 millionar kroner.

Det er godt over minstemålet, men samstundes langt unna maksimaltmålet selskapet hadde sett seg.

Ideen til Folkeinvest er å vere ein marknadplass for gründerselskap og småbedrifter på jakt etter investorar. Minstkravet til kor mykje pengar kvar investor vil gå inn med er sett så lavt at også mindre investorar kan vere med. Konsekvensen kan bli at selskapa får mange medeigarar.

Om ikkje investorane strøymer til Bagid dei to siste dagane av teikningsperioden kan det stillast spørsmål ved om selskapet kunne kome like langt ved å gå rett på utvalde eksisterande og nye investorar.

Bagid hadde allereie før den offisielle teikningsperioden starta fått tilsagn frå investorar som ville gå inn med tilsaman nesten heile minstemålet. Men Folkeinvest har ein modell der kapitalutvidingar blir varsla lenge før sjølve teikningsperioden startar - og der det er råd å kome med førehandtilsagn frå investorar. Den reelle kapitalinnhentingsprosessen er dermed allereie i gang i god tid før sjølve teikningsperioden.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havyard Group 3,895 1,04 %
Salmon Evolution 8,98 1,01 %
Golden Energy Offshore Services 2,27 0,89 %
Norva 24* 37,3 0,81 %
Hav Group 13,8 0,73 %
Endúr 24,475 -0,10 %
Havila Kystruten 18,8 -0,79 %
Hofseth Biocare 3,6 -1,10 %
Hexagon Purus 27,6 -1,50 %
Arctic Bioscience 14,25 -1,72 %
Sparebanken Møre 75,04 -2,55 %
Statt Torsk 2,26 -2,59 %
Havila Shipping 16 -2,79 %
Hexagon Composites 32,2 -3,30 %
Atlantic Sapphire 20,34 -4,51 %
Nortel 18 -4,76 %
*Svenske kroner

Publisert: 15.08.2022 17:10

Sist oppdatert: 15.08.2022 17:10