Nytt
Over 900 nye jobbar
Arbeidsløysa stig, men mange ledige kjem raskt i ny jobb.
26.02.2016
Over 900 av dei som var registrert som arbeidslause i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane i januar kom i nytt arbeid i løpet av februar.
Det anslår NAV, i den ferske arbeidsmarknadstatistikken som er publisert i dag.
- Trass i ei ny auke i arbeidsløysa på rundt 100, når ein tek omsyn til normale sesonsvingningar, er det framleis mange som kjem i arbeid, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Det er slett ikkje heilsvart for arbeidslause på jakt etter ny jobb.
- Sjansen er framleis definitivt til stades. Det er framleis ein del verksemder som rekutterer, seier Veland.
Både i offentleg sektor og i det private næringsliv er det ledige jobbar.
- Vi ser for oss mellom fem og ti nye i løpet av året, seier gründer og medeigar i den mekaniske industribedrifta Nomek i Stryn. Selskapet rekrutterte også i fjor, og har nettopp tilsett to personar, men vil ha fleire.
Nomek deler mellom andre tak med Vendanor, som også er reknar med å auke bemanningan i løpet av året.
Førebels gler Veland seg over at arbeidsmarknaden har utvikla seg betre enn venta, men har fryktar det blir tøffare.
- På eitt eller anna tidspunkt trur vi at dei som tek inn ny arbeidskraft vil tynnest ut, seier han.
I Sogn og Fjordane er det 1326 personar utan arbeid. Det er ein auka på 11 prosent sidan februar i fjor og utgjer 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Saman med Oppland og Troms har Sogn og Fjordane den lågaste arbeidsløysa i landet.
For heile landet er arbeidsløysa 3,3 prosent, som tilsvarar 90903 personar.
Hyllestad, som huser skipsverftet til Havyard, toppar med 5,5 prosent arbeidsløyse. Kristinansund har 5,4 prosent, Hareid 4,8 prosent, Ulstein 4,3 prosent, Bremanger 4,1 prosent, Flora 4,0 prosent og Herøy 3,9 prosent.
Det anslår NAV, i den ferske arbeidsmarknadstatistikken som er publisert i dag.
- Trass i ei ny auke i arbeidsløysa på rundt 100, når ein tek omsyn til normale sesonsvingningar, er det framleis mange som kjem i arbeid, seier fylkesdirektør Stein Veland i NAV Møre og Romsdal i ei pressemelding.
Nye jobbar
I Møre og Romsdal anslår NAV av minst 780 som sto ledige i januar fekk ny jobb i løpet av februar. I Sogn og Fjordane er det snakk om 165 januar-ledige ut i jobb i løpet av februar.Det er slett ikkje heilsvart for arbeidslause på jakt etter ny jobb.
- Sjansen er framleis definitivt til stades. Det er framleis ein del verksemder som rekutterer, seier Veland.
Både i offentleg sektor og i det private næringsliv er det ledige jobbar.
- Vi ser for oss mellom fem og ti nye i løpet av året, seier gründer og medeigar i den mekaniske industribedrifta Nomek i Stryn. Selskapet rekrutterte også i fjor, og har nettopp tilsett to personar, men vil ha fleire.
Nomek deler mellom andre tak med Vendanor, som også er reknar med å auke bemanningan i løpet av året.
Færre langtidsledige enn venta
For eit halvt år sidan venta Veland og NAV ein markert oppgang i talet på langtidsledige. Det har ikkje slått til. I løpet av året auka talet på personar i Møre og Romsdal som hadde gått ledige i over seks månadar med 293 personar, til 1044. Det utgjer knapt 23 prosent av dei som er arbeidslause i fylket.Førebels gler Veland seg over at arbeidsmarknaden har utvikla seg betre enn venta, men har fryktar det blir tøffare.
- På eitt eller anna tidspunkt trur vi at dei som tek inn ny arbeidskraft vil tynnest ut, seier han.
3,3 prosent
4612 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal ved utgangen av februar. Det utgjer til 3,3 prosent av arbeidsstokken og er ein auke i arbeidsløysa på 34,2 prosent frå same månad i 2015.
I Sogn og Fjordane er det 1326 personar utan arbeid. Det er ein auka på 11 prosent sidan februar i fjor og utgjer 2,3 prosent av arbeidsstyrken. Saman med Oppland og Troms har Sogn og Fjordane den lågaste arbeidsløysa i landet.
For heile landet er arbeidsløysa 3,3 prosent, som tilsvarar 90903 personar.
Verst i olje-kommunar
Arbeidsløysa er størst i dei kommunane der næringlivet er mest knytt til oljebransjen.Hyllestad, som huser skipsverftet til Havyard, toppar med 5,5 prosent arbeidsløyse. Kristinansund har 5,4 prosent, Hareid 4,8 prosent, Ulstein 4,3 prosent, Bremanger 4,1 prosent, Flora 4,0 prosent og Herøy 3,9 prosent.
Publisert: 26.02.2016 14:03
Sist oppdatert: 04.02.2022 15:01