Over halvparten utan nedgang i omsetninga
Men bedriftene frå Møre og Romsdal i NHO-undersøkinga, er mindre optimistiske enn førre månad.
Tala for Møre og Romsdal fylke i den ferske NHO-undersøkinga viser at fleire enn halvparten av dei som svara hadde normal omsetning, eller betre, i førre månad.
Spørsmålet i den månadlege undersøkinga som 3111 medlemsbedrifter over heile landet har svara på, er endra for å gi eit betre bilde av situasjonen. Sidan det no er eitt år sidan pandemien slo til, spør organisasjonen om omsetning samanlikna med normalen.
54 prosent utan nedgang
12 prosent av bedriftene som svara i Møre og Romsdal har hatt høgare omsetning den siste månaden, medan 42 prosent hadde omsetning som normalt. Dette er om lag som landssnittet.
Mellom bedriftene i fylke var det til saman 14 prosent, som svara at dei hadde meir enn halvert omsetninga. Det er betre enn landsnittet på 21 prosent.
I Vestland fylke har 10 prosent har hatt høgare omsetning den siste månaden, medan 44 prosent hadde omsetning som normalt. Her hadde 19 prosent meir enn halvert omsetninga.
Mindre optimisme
Det generelle bilde av undersøkinga viser at bedriftene har opplevd mindre vekst, samanlikna med førre undersøking mars.
Også Møre og Romsdal er det færre bedrifter som har auka omsetning, sysselsetting eller ordrereserve i løpet av den siste månaden. Dei er også mindre optimistiske for dei neste tre månadene, samanlikna med førre månad.
Når det gjelder risikoen for å gå konkurs, ligg bedriftene som har svara i Møre og Romsdal på landssnittet, ved at 14 prosent meiner det er ein reell risiko for å gå konkurs i løpet av dei neste tre månadene.
Få nyttar lønnstilskotordning
Medlemsundersøking viser også at berre 2 prosent av bedriftene på landsbasis har nytta seg av den nye lønnsstøtteordninga. Berre 11 prosent seier at dei kjem til å nytte seg av ho.
– Dei som ikkje vil bruke ho, oppgir mellom anna at omsetningsfallet er for lågt til å kvalifisere. At berre kvar tiande bedrift vil nytte seg av ordninga betyr ikkje nødvendigvis at ordninga er dårleg, eller feil skrudd saman, seier sjeføkonom Øystein Dørum i NHO til NPK-NTB.
Han peikar på at ordninga er meint å treffe bedriftene som slit mest og som av den grunnen har permittert mange. Målet er å stimulere dei til å ta tilbake tilsette tidlegare enn det dei elles hadde hatt økonomi og tryggleik til.
Publisert: 15.04.2021 09:19
Sist oppdatert: 15.04.2021 09:58