251 fleire personar i Møre og Romsdal blei heilt ledige i løpet av november. Det er ein auke på 10 prosent frå oktober i år, som er høgast i landet.
Tala overraska Nav-direktør Stein A. Veland i Møre og Romsdal.
Grunnen er at hovudårsaka til veksten i oppsagde og permitterte, har kome i bedrifter som er underleverandørar til skipsbygging og offshorebransjen.
Der er det travle tider, og Veland reknar med nedbemanninga berre er eit kortvarige fenomen som heng saman at fleire bedrifter no i november avslutta prosjekt dei har arbeidd.
- Biletet framover er veldig optimistisk i dei områda vi har sett at det har vore oppseiingar, seier Veland.
Han reknar med at det er svært sannsynleg at gruppa som no er blitt ledige, er i arbeid igjen veldig raskt.
Låg arbeidslause
Sjølv om talet på heilt arbeidslause hadde en relativ stor vekst i november er det framleis låg arbeidsløyse i Møre og Romsdal.
2444 personar er registrert som heilt arbeidslause, 987 er delvis ledige og 866 personar er på tiltak. Det utgjer 3,1 prosent av den registrerte arbeidsstyrken.
Andelen heilt ledige er 1,8 prosent. Landsgjennomsnittet er 2,0 prosent.
Manglar folk
Bedriftene i fylket melder framleis at mangel på arbeidskraft er eit problem. Dei siste åra har det blitt vansklegare å rekruttere folk med den kompetansen bedriftene vil ha.
Nav Møre og Romsdal sitt anslag basert på tilbakemeldingar frå bedriftene, er at det er ledige stillingar til nesten 3200 personar i fylket.
Samstundes står meir enn 32.000 personar i yrkesaktiv alder i fylket utanfor arbeidslivet. Desse er korkje i arbeid, i utdanning, eller er registrerte som arbeidssøkarar, ifølgje ei pressemelding frå Nav.
Publisert: 29.11.2024 09:15
Sist oppdatert: 29.11.2024 10:20