Fabelaktig fredag montasje gjermund K langset foto fabelaktig fredag bauta
FULL SAL: Fabelaktig Fredag trekte full sal på Parken Kulturhus då møteplassen for arbeidssøkjarar og bedrifter blei arrangert på Sunnmøre for første gong før helga. Gjermund Kvernmo Langset frå Bauta Group var mellom arbeidsgivarane som fekk fleire interessante CV-ar. Foto: Fabelaktig Fredag/Bauta Group
Nytt

Trefte blink med møteplass for rekruttering

Jobbsøkjarar møtte i hopetal for å treffe arbeidsgivarar. Bauta var mellom dei som fekk fleire spennande CV-ar.

Marius Rosbach
11.11.2024

Fredag var det klart for første utgåva av Fabelaktig Fredag, ein ny møteplass som skal bidra til å få fleire på Sunnmøre inn i arbeidslivet.

Responsen var over all forventing og arrangørane anslår at det var fleire enn 900 deltakarar samla ved Parken Kulturhus i Ålesund på dagtid.

– Salen var stapp full og folk måtte vente for å kome inn. Det var verkeleg ein enorm respons, fortel  Elin Christine Melby som er seniorrådgivar for berekraft i Nav Møre og Romsdal, til Nett No. 

30-tals bedrifter på stand
Etter foredrag og underhaldning frå scena, fekk deltakarane møte eit 30-tals bedrifter som alle var på utkikk etter nye tilsette. 

– Vårt inntrykk er at mange av jobbsøkjarane hadde budd seg godt, og visste kven dei ville snakke med, seier Melby.

Ho fortel at heile spekteret frå næringslivet var representert. 

Fleire av dei store verfta i regionen, Kongsberg Maritime og Ekornes var blant arbeidsgivarane som deltok. Oppdrettsbransjen, hotell og varehandel var også mellom dei som hadde stand. Det same hadde Ålesund kommune. 

Fabelaktig fredag stand Rema 1000 foto 1
BLIR TRULEG FLEIRE ARRANGEMENT: Etter suksessen med Fabelaktig Fredag i Ålesund, er det planar om tilsvarande arrangement for Romsdal og Nordmøre. Foto: Fabelaktig Fredag

– Fekk mange interessante CV-ar
Om ingen fekk jobb der og då, fekk Melby tilbakemeldingar om at arbeidsgivarane hadde møtt folk som svært aktuelle for ulike stillingar. 

Det siste kan Gjermund Kvernmo Langset som er leiar for forretningsutvikling og berekraft i Bauta Group, skrive under på. Han var mellom dei som stod på stand for si bedrift.

– Vi mange møtte folk med overraskande bra og variert kompetanse. Vi fekk mange interessante CV-ar i løpet av dagen og fleire kan vere aktuelle for jobbar hos oss, fortel han til Nett No. 

Rekruttering til eit næringsliv i vekst har vore mellom dei store utfordringane for bedrifter på Nordvestlandet i fleire år. Bakteppe med ein aldrande befolkning i regionen gjer utfordringa større. 

Langset meiner den største risikoen for bedrifter på Nordvestlandet framover, vil vere tilgang på nye tilsette. 

Han viser til at regionen har negativ fødselsrate og tapar på innanlands flytting. Samtidig står over 4000 personar i alderen mellom 15 og 29 år utanfor jobb og utdanning.

– At vi klarer å aktivisere den gruppa i befolkninga vil vere avgjerande framover. Eit slikt arrangement som dette er med å løfte opp den problemstillinga, seier han. 

Gjermund Kvernmo Langset Foto Bauta Group
STØRSTE FLYKTINGGRUPPA: Gjermund Kvernmo Langset i Bauta Group meiner ukrainarar utgjer eit stort potensial for ny rekruttering til bedrifter i regionen. Foto: Bauta Group

Mange ukrainarar har relevant utdanning og erfaring
Ukrainarar er no den største flyktninggruppa i Norge. Bauta-leiaren meiner dei utgjer eit stort potensial for ny rekruttering til bedrifter i regionen. 

– Mange har relevant utdanning og erfaring, og har no starta å få god norskkunnskap, seier Langset. 

Han peiker på tilbodet med språkpraksis som ein god metode for å få fleire i denne gruppa i arbeid. Slik kan folk som treng norskopplæring få praksis betalt av Nav. 

– Målet er at dei skal bli fast tilsette. I dag som all vekst i befolkninga i Møre og Romsdal kjem frå innvandring, trur eg det kjem til å bli meir aktuelt, seier Langset. 

Fleire vegar til fagbrev
Bauta-konsernet er i første omgang på jakt etter fagarbeidarar – eller folk som kan tenke seg å bli det. Langset påpeiker at det er fleire vegar inn til desse jobbane.

– Du har fleire variantar. Det finst ordningar som vaksenlærling, full opplæring i bedrift og praksiskandidat, fortel han. 

Publisert: 11.11.2024 05:00

Sist oppdatert: 10.11.2024 22:20

Mer om