Torsdag var det stor glede og kakefeiring ved kontoret til Rem Offshore i Fosnavåg.
Reiarlaget bad inn tilsette og presse for å fortelje om rekordskipet dei skal bygge ved Myklebust Verft – og kva for ringverknader investeringa gir.
Nybygget blir omtala som «neste generasjons subseaskip», og er sikra arbeid for Equinor i heile åtte år.
Skipet sett rekordar på fleire vis. Kontrakten er både den største verftet har sikra seg nokon gong, samtidig som Equinor-kontrakten er den mest verdifulle reiarlaget har inngått.
Etter det Nett No erfarer har nybygget ein prislapp på drygt 1,5 milliardar kroner.
Nye arbeidsplassar til sjøs og på land
For reiarlag, verft og samarbeidspartnarar er det også snakk om nærare 250 hundre nye arbeidsplassar som blir skapt frå skipsbygginga og det påfølgjande oppdraget.
– For Rem sin del vil det skape kring 50-60 nye stillingar til sjøs, og administrativt reknar vi med at det truleg blir fem nye stillingar, fortalde Rem Offshore-sjef Lars Conradi Andersen under møtet med pressa.
Samarbeidspartnarane i Deepocean anslår at det vil trenge 130 til 150 nye årsverk, i hovudsak folk som skal jobbe om bord i skipet når det kjem i drift.

Verftet sikra arbeid ut 2027
For Myklebust Verft er det ikkje like store tal – men oppdraget er likevel svært viktig, fordi det sikrar arbeid for verftet fram til slutten av 2027. Verftssjef Leiv Sindre Muren anslår at oppdraget i første rekke vil gi ei auke på 10 til 20 personar.
– I tillegg kjem ringverknadene frå kjøp av komponentar som vi vil gjere framover, fortalde han.
Verftet er i desse i dagar i forhandlingar med ein rekke leverandørar som vil få oppdrag på skipet.
I dag har Myklebust Verft i overkant av 200 eigne tilsette, og Muren anslår det til saman vil vere 700-800 personar i arbeid inne på verftet når aktiviteten er på det høgaste dei neste åra.

Skipsdesignar roser miljøval
Det 117 meter lange skipet er teikna av Skipsteknisk i Ålesund, og bygger på same design som eit anna fartøy Rem Offshore tidlegare har bestilt frå verftet.
Bjørn-Oscar Kløvning i skipsdesignarselskapet rosa reiarlaget for å satse på eit skip som også kan nytte metanol som drivstoff. Sjølv om «alle» er opptekne av miljø, meiner han at dei fleste framleis vel dei enklaste løysingane for å møte krav om utslepp.
– Det er ein ikkje ubetydeleg kostnad, men eg trur ikkje det er noko gambling. Eg trur det er heilt rett og at dokke vil nyte godt av det i framtida, la han til.
Også Kløvning rekna med at dei ville tilsette fleire framover – etter at det knapt har vore nyrekruttering dei siste åra.
Publisert: 21.11.2024 12:39
Sist oppdatert: 21.11.2024 14:52