- Viktig å satse på lærlingar
Volda Maskin fekk reduserte inntekter i fjor, men auka driftsresultatet. Har att for å satse på lærlingar.
- Vi har lenge hatt som ei målsetjing om at minst ti prosent av arbeidsstokken skal vere lærlingar. Akkurat no er ni av 68 lærlingar.
Det seier dagleg leiar Jon Grebstad ved maskinentreprenøren i Volda.
- Ein ting er at vi får kompensert ved offentlege oppdrag når vi satsar på lærlingar, men vi får også att ved at det er lettare å rekruttere faste tilsette.
- Men det er stor kamp lokalt og maskinkøyrar, seier Grebstad.
Selskapet omsette for 125,1 millionar kroner, 19,3 millionar mindre enn året før.
Resultatet før skatt auka derimot med ein million kroner, til 1,7 millionar.
Volda Maskin | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2020 | 2019 | |
Driftsinntekter | 125,1 | 144,4 | |
Driftsresultat | 3,1 | 2,1 | |
Resultat før skatt | 2,7 | 1,7 |
Selskapet har hovudbase i Furene i Volda, og har mesteparten av aktiviteten på Sunnmøre og i Nordfjord.
Trur på auka omsetning
Ved utgangen av fjoråret hadde selskapet ein ordrereserve på 155 millionar kroner.
- Før sommarferien landa vi ein del mindre oppdrag til ei samla verdi på rundt 25 millionar kroner.
- Vi satsar på at vi år skal kome opp i rundt 150 millionar kroner i omsetning, seier Grebstad.
Samarbeid på fylkesveg 63
Av dei største prosjekta er rassikringa på fylkesveg 63 mellom Korsmyra i Stranda kommune og Indreeide i Fjord kommune.
Her skal det byggjast 5,3 kilometer med veg der 4,9 kilometer er i tunnel. Det skal også byggjast bru på 25 meter og ein leievoll for skred på rundt 135 meter ved Indreeide.
Til dette prosjektet har Volda Maskin og Kruse Smith inngått arbeidsfelleskap der Kruse Smith tar for seg tunneldrift og Volda Maskin arbeidet ute i dagen.
- Dette arbeidet pågår for fullt, akkurat no mest med massekøyring, seier Grebstad.
Vi satsar på at vi år skal kome opp i rundt 150 millionar kroner i omsetning
Grebstad seier at det har vore litt lavare aktivitet enn vanleg på grunn av koronapandemien, men at det er teikn til at aktiviteten no tek seg opp att.
- Det ser slett ikkje så verst ut framover, seier Grebstad, som starta opp selskapet og har drive det i 31 år.
- Det er vel snart på tide å la litt yngre krefter sleppe til, seier han.
I årsmeldinga vert det vist til at selskapet har sett i verk automatisk stopp for tomgangskøyring, og at ein har fornya maskin- og bilparken, slik at ein tilfredsstiller dei strengaste utsleppskrava.
Jon Grebstad har 99,5 prosent av aksjane. Selskapet hadde ved årsskiftet 14,4 millionar kroner i samla eigenkapital, og 1,0 millionar kroner i langsiktig gjeld.
Publisert: 03.08.2021 05:55
Sist oppdatert: 03.08.2021 07:57