Nexans Aurora prøvetur Ulstein Group 11
BRUA: Med det nye flaggskipet håpar Nexans-konsernet å sikre seg større delar av den veksande marknaden med legging av kablar. Oppdraget har halde mange i arbeid ved Ulstein Verft den siste tida. Foto: Ulstein GRoup
Nytt

På prøvetur med rekordstort kabelskip

Ulstein melder om vellukka testar – sjå bilda frå turen.

Marius Rosbach
07.05.2021

Nexans Aurora er i desse dagar på prøvetur frå Ulstein Verft.

Kabelleggingsskipet er med sine nær 149 meter lange og 30 meter breie skrog, eitt av dei største skipa verftet har levert. Dei har hatt nokre større skip – Color Hybrid og Island Venture – som begge var om lag 160 meter lange.

– Så langt – så godt, er meldinga frå mannskapet til Bergens Engines som testa motorane om bord og elles viser testar gode resultat.

Prøveturen starta med verftet sine testar frå måndag 3. mai, og gjekk over til den ‘offisielle’, tekniske prøveturen frå 5. mai, opplyser Ulstein Group i ei pressemelding. Prøveturen vil bli avslutta neste veke.

Sjå bilde frå turen under:

Nexans Aurora prøvetur Foto Per Eide Studio 33
Foto: Per Eide Studio
Nexans Aurora prøvetur Foto Ulstein Group 55
Foto: Ulstein Group
Nexans Aurora prøvetur foto Per Eide Studio 22
Foto: Per Eide Studio
Nexans Aurora prøvetur Ulstein Group 33
Foto: Ulstein Group
Nexans Aurora prøvetur Per Eide 11
Foto: Per Eide Studio
Nexans Aurora prøvetur Ulstein Group 22
Foto: Ulstein Group

Publisert: 07.05.2021 14:35

Sist oppdatert: 07.05.2021 15:15