– Ein slik prosess kan vere ryddig, men den er aldri god
Tøff tid med oppseiingar i Ulstein Group. Eit lysglimt er at nokre har fått nye jobbar ved «naboverft».
Hanne Notøy var representant for dei Ulstein-tilsette då konsernsjefen denne veka møtte pressa i samband med ein seanse om krisetiltak til verfta. NETT NO nytta anledninga til å spørje om oppseiingane i Ulstein Group.
– Ein slik prosess kan vere ryddig, men den er aldri god, seier Notøy.
Det var i slutten av januar konsernet gjekk ut med nyheita om at kring 100 tilsette stod i fare for å misse jobbane sine.
Sjølv jobbar ho i Ulstein Elektro Installasjon, der det førebels ikkje har kome oppseiingar. Ved andre avdelingar har dei første tilsette fått den tunge beskjeden. Då prosessen starta telte arbeidsstokken kring 420 personar i alt.
Håpar på marknaden for mindre cruiseskip
Veteranen påpeiker at skipsbyggjarkonsernet er vande med opp- og nedturar. Ho kryssar difor fingrane for at marknaden deira kjem tilbake.
– Segmentet vi har omstilt oss til, med mindre cruiseskip, trur eg er dei som kjem først i gong att, seier ho.
Notøy har mindre tru på at det blir bestilt nye cruiseskip som tar tusenvis av passasjerar med det første.
Folk er generelt på utkikk etter nye jobbar. Dei skjønar at det kan vere greitt å vere tidleg ute
Fleire har fått jobb hos «naboverft»
Hovudtillitsvalt i Fellesforbundet, Bjarne Pettersen, fortel at forholdet mellom klubben og leiinga har vore «heilt perfekt».
– Prosessen har vore eksemplarisk ved at lover og reglar er følgt, vi har fått informasjonen vi treng og det blir gjort grundig, seier han til NETT NO.
Eit lysglimt i prosessen er at nokre har fått seg nye jobbar ved «naboverft» som Larsnes Mek og Myklebust.
– Folk er generelt på utkikk etter nye jobbar. Dei skjønar at det kan vere greitt å vere tidleg ute, og det vil nok vere størst moglegheit for dei som trår til med ein gong, seier Pettersen.
(saka held fram under)
Går gjennom avdeling for avdeling
Som tillitsvalt nyttar han mykje av tida på å ta seg av dei kring 100 medlemmane som gjer alt frå røyrlegging, måling og anna utrustingsarbeid i produksjonen.
Han fortel at dei tillitsvalte saman med leiinga vurderer ei og ei avdeling. Etter fleire møter kjem dei fram til konklusjonen om kor mange som må gå og kor mange som får bli.
– Når valet mellom bedrifta og klubben er teke, så er det utveljing. Det blir fortalt under eit møte i den aktuelle avdelinga, fortel han.
Dette er sjølvsagt ein tung prosess for alle dei involverte
– Tung prosess
Konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti vil ikkje seie konkret kor mange som har fått oppseiingane sine.
– Eg kan ikkje seie så mykje meir om det no, enn at vi er i gong, fortel ho til NETT NO.
– Dette er sjølvsagt ein tung prosess for alle dei involverte, og no følgjer vi det løpet vi har lagt opp i god dialog med dei tillitsvalte, legg Marti til.
(saka held fram under)
Har to skip under bygging
Tidlegare har leiinga sagt at alle avdelingar og selskap vil bli sett under lupa. Marti påpeiker at det er ekstra krevjande å ha en slik prosess, samtidig som dei har to skip under bygging ved verftet.
Det store kabelskipet til Nexans skal leverast i løpet av andre kvartal, medan eit cruiseskip til Lindblad Expeditions skal leverast i tredje eller fjerde kvartal. Dette skipet er framleis under bygging i dokkhallen.
Når desse skipa er leverte, er ordreboka tom.
Kryssar fingrane for ombyggingsoppdrag
Konsernsjefen forsikrar at dei samtidig jobbar med å sikre seg nye oppdrag:
– Vi skal også ha folk her etterpå. Det kan vere at vi har nokon som må ut i permittering etter at det siste cruiseskipet er levert, men vi jobbar heile tida for å unngå dette, og å finne noko nytt som kan gi meir arbeid framover, fortel Marti.
Det siste kryssar hovudtillitsvalt Bjarne Pettersen fingrane for at dei lukkast med.
Og han påpeiker at det ikkje går eitt møte med leiinga utan at dei blir minna om det.
– Eg veit at det blir jobba veldig mykje for det og alle håpar at det skal vere jobb til dei. I første fase vil det vere viktig å få ei ombygging som kan gi arbeid raskt, så kan vi gjere oss klare til å ta i mot eit nybygg seinare, legg han til.
Publisert: 20.03.2021 05:55
Sist oppdatert: 26.10.2022 08:29