Lars luhr cathrine marti ulstein verft group mars foto marius 11
MEIR ARBEID: Verftsdirektør Lars Lühr Olsen, konsernsjef Cathrine Kristiseter Marti og dei andre i Ulstein Group kan gle seg over meir arbeid til verftet. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Ulstein får arbeid i sommar

Oppdrag på Island Offshore-skip gir arbeid til dei fleste tilsette.

Marius Rosbach
05.05.2021

Ulstein Verft har sikra seg arbeid til sommaren med oppgradering og vedlikehald av brønnstimuleringsskipet Island Centurion.

Oppdraget er berekna til om lag tre veker, med oppstart i juni, opplyser Ulstein Group i ei pressemelding onsdag. Verftet skal installere eit behandlingsanlegg for ballastvatn, som også inkluderer rørinstallasjonar. Botnen av skipet skal óg malast og stellast.

(saka held fram under)

Island Centurion foto island offshore 11
UT-DESIGN: Skipet med UT 776 CD-design blei levert frå dåverande STX OSV Brevik 2011, og er no klar for femårsklassing. Foto: Island Offshore

Trur på meir arbeid
Etter at eit ekspedisjonscruiseskip er sjøsett ved Ulstein Verft, vil Island Offshore-skipet bli teke inn i dokkhallen 10. juni.

- Mest truleg vil Island Offshore ønske meir arbeid utført og det kan også bli oppdrag for Schlumberger, som er charterer av skipet, seier May-Kristin Myklebust, produksjonssjef ved Ulstein Verft i meldinga.

Levert frå Ulstein i 2011
Oppdraget vil bli godt motteke mellom arbeidarane på verftet. Island Centurion blei levert frå dåverande STX OSV Brevik 2011.

– Det vil bidra til at vi har arbeid til dei aller fleste tilsette i sommar. Vi er svært glade for at Island Offshore valte Ulstein Verft til oppdraget, og gler oss over nok eit lokalt samarbeid, seier produksjonssjefen til NETT NO.

Ulstein Betong Marine er eit anna lokalt selskap som har nytta kapasiteten ved verftet i det siste, med bygging av ei fortøying- og serviceflåte.

Prosess med oppseiingar
Samtidig står Ulstein midt i ein prosess med oppseiingar. I vinter blei det kjent at kring 100 jobbar stod i fare i ulike delar av konsernet.

Prosessen med oppseiingar skal vere ferdig i august, men Myklebust fortel at dei store avdelingane i produksjonen er ferdig.

– Det har vore ein del naturleg avgang, og ein del har også funne seg arbeid andre plassar, legg ho til.

Håpte på ombygging
I desse dagar er spesialskipet Nexans Aurora ute på prøvetur frå verftet. Inne i dokkhallen ligg ekspedisjonscruiseskipet Nathional Geographic Resolution. Ulstein Verft har ikkje andre nybygg i ordreboka per i dag.

– I første fase vil det vere viktig å få ei ombygging som kan gi arbeid raskt, så kan vi gjere oss klare til å ta i mot eit nybygg seinare, sa hovudtillitsvalt Bjarne Pettersen i Fellesforbundet til NETT NO i mars.

Publisert: 05.05.2021 14:44

Sist oppdatert: 21.12.2021 14:50