Ulstein design GLDD montasje runar muren foto marius beck dahle illustrasjon Ulstein Design Solutions BV 11
FØRSTE USA-KONTRAKT: Oppdraget med å utvikle skipet for den amerikanske havvindmarknaden gir ein god relasjon til ein god aktør, fortel administrerande direktør Runar Muren i Ulstein Design & Solutions. Illustrasjon/foto: Ulstein Design & Solutions/Marius Beck-Dahle
Nytt

Første USA-kontrakt kan vere døropnar

Engineeringavtale på skip til vindmarknaden kan vise seg å bli viktig for Ulstein Group.

Marius Rosbach
16.04.2021

Denne veka kunne Ulstein Group melde at dei går vidare i samarbeidet med det amerikanske industriselskapet Great Lakes Dregde & Dock (GLDD), om å utvikle eit skip til havvindindustrien.

Det er Ulstein sitt nederlandske søsterselskap, Ulstein Design & Solutions BV, som no har skreve ei kontrakt om engineeringarbeid i prosjektet. Tidlegare har dei fått kontrakt på «basic design» for skipet. .

– Gir oss ein god relasjon
Skipet blir etter planen det første typegodkjende steininstallasjonsfartøyet til amerikansk havvindindustri. Avtalen er også den første på denne marknaden i USA for Ulstein Group.

Vindmarknaden vil vere viktig framover, og USA vil etter kvart bli ein stor marknad for havvind
Runar Muren

– Vindmarknaden vil vere viktig framover, og USA vil etter kvart bli ein stor marknad for havvind. Avtalen gir oss ein god relasjon til ein god aktør i ein marknad som er i utbyggingsfasen, fortel administrerande direktør Runar Muren i Ulstein Design & Solutions til NETT NO.

Allereie betydeleg aktør
Havvindmarknaden er venta å vekse stort dei neste år, og Muren trur USA-avtalen med GLDD kan vere ein døropnar til fleire aktørar «over there».

– Vi håpar på det, og det er ein tillitserklæring for at designet var slik dei ønska seg. Ulstein blei valt grunna vår tilknyting til skipsbyggingsindustrien i regionen og kompetansen både her og i Polen, fortel Muren.

Ulstein Group er allereie ein betydeleg aktør i vindskipmarknaden, og har levert fleire serviceskip. Desse har i hovudsak gått ut i arbeid ved europeiske vindparkar.

I tillegg har det nederlandske designselskapet levert fleire skipsdesign til utviklinga og installasjonane til denne marknaden. Blant denne typen skip er steininstallasjonsskip. Ulstein kan med andre ord levere til heile livssyklusen til havvindfarmar.

Ulstein windea jules verne prøvetur 11
FLEIRE VINDSKIP: Ulstein verft har tidlegare bygd fleire serviceskip til vindmarknaden. Windea Jules Verne var nummer fem i rekka. Foto: Marius Rosbach

Skal vere ferdig i 2024
Ifølgje avtalen med GLDD skal Ulstein stå for innkjøp av hovudutstyr, integrere skipsutstyret i designet og starte arbeidet med engineering – altså detaljdesign.

– Avtalen som no er inngått er ei vidareføring av basic design-kontrakta. No skal vi vere med å sikre slik at leveringstida blir som planlagt, legg Muren til.

– Positivt for engineeringsmiljøet
Planen er at skipet skal vere klart i andre kvartal 2024. Skipet blir bygd ved eit amerikansk verft, og det har aldri vore eit aktuelt oppdrag for Ulstein Verft – fordi skipet rett og slett er for stort.

Alt i alt er dette positivt for engineeringsmiljøet i Ulstein Group
Runar Muren

Hovuddelen av arbeidet, med engineering, vil skje ved avdelinga i Polen. Muren fortel at avtalen i ein mellomfase vil gi arbeid til opptil åtte ingeniørar i Ulsteinvik og noko tilsvarande ved Rotterdam-kontoret.

– Alt i alt er dette positivt for engineeringsmiljøet i Ulstein Group, avsluttar Runar Muren.

Publisert: 16.04.2021 16:11

Sist oppdatert: 16.04.2021 16:30

Mer om