Mmc first process test tank mjølstadneset foto kjetil 11
VEKST: MMC First Process har no 211 tilsette. Her Aleksander Mork Strand, Helge Birkeland, Haris Taslidza og Marko Polter framfor ei nyutvikla sorteringsmaskin. Foto: Kjetil Haanes
Nytt

Passerte milliarden for første gong

MMC First Process melder om sterk vekst, men tar russisk tap.

22.07.2022

Herøy-baserte MMC First Process opplyser på eiga heimeside fredag at selskapet hadde god vekst i 2021, og nådde ei omsetning på 1016 millionar kroner.

Tidlegare har dagleg leiar Petter Leon Fauske lova at ein skulle nå dette målet i fjor. Det gjorde selskapet, med ein margin på 16 millionar kroner.

Selskapet sine tal er ikkje klare i Brønnøysundregistra, men finansdirektør Kristian Framstad opplyser på heimesida at resultatet etter skatt enda på 65 millionar kroner.

211 tilsette
I desse tala ligg det ei tapsavsetning på 20 millionar kroner relatert til eit russisk verft.

Selskapet er dei raskast veksande i regionen, og auka antal tilsette med 26 prosent i fjor.

Ved utgangen av juli i år har selskapet 211 tilsette.

Berekraft-satsing
Framstad opplyser på heimesida at selskapet har tatt store steg på berekraft og på målbare indikatorar ned på avdelingsnivå.

- I tillegg har vi utvikla eit internt program som ivaretar vårt konstante fokus på fiskevelferd gjennom heile organisasjonen, skriv han.

Vekst i landbasert oppdrett
Framstad opplyser også at selskapet har hatt ein nedgang i antal skader på personell, men ein auke i antal kortsiktige sjukemeldingar hovedsakeleg i forbindelse med covid.

Veksten i topplinjen kjem frå akvakultursegmentet.

- Ekstra gledeleg er utviklinga innan landbasert oppdrett, skriv Framstad, som rosar dei tilsette.

Publisert: 22.07.2022 13:57

Sist oppdatert: 22.07.2022 14:19

Mer om