- I dag er vi blide og glade. Veldig glade, sa konsernsjef Tommy Torvanger i Nergårdkonsernet etter at tingretten hadde avvist kravet om stopp i bygging av ny fiskolje og fiskemjølfabrikk i Vågsøy.
No må Torvanger bu seg på ei ny runde i retten.
- Vår klient må berre ta dette til etteretning, seier Vidar Riksfjord, som er advokat for Nergårdkonsernet.
Dommen kom 9. september. Då var bygginga av fabrikken i full gang, med testproduksjon i desember i år som mål.
No er det klart at motparten, Pelagia-konsernet, ankar dommen.
- Anken sendes, skriv konsernsjef Egil Magne Haugstad i Pelagia i ei tekstmelding til NETT NO. Ankefristen går ut neste veke.
Det synet fekk Pelagia ikkje Fjordane tingrett med på.
"Pelagia har tapt saken fullstendig", heiter det i dommen.
- Min openberre vurdering er at dette er ei fullstendig feil slutning, og at den bør ankast, sa Haugstad rett etter at dommen blei offentleg. Det er ei vurdering som også styret i Pelagia er samd.
I dag er det to aktørar som tek mot pelagisk fisk og råstoff for produksjon av fiskeolje og fiskemjøl, Pelagiakonsernet og Vedde Sildoljefabrikk. Vedde Sildoljefabrikk er ein del av danske Triple Nine Group.
Maråk vil gjerne han ein tredje aktør og vona dommen i tingretten skulle sette punktum for striden.
- Vi får avvente og sjå om folk brukar fornuft eller ufornuft, sa han då dommen kom.
Den største investeringa er produksjonsutstyret frå den danske utstyrsleverandøren Haarslev.
Beløpet var på 21 millionar euro, 190 millionar kroner etter dagens kurs. Danskane hadde aldri inngått ei større kontrakt, i følgje konsernsjef Tommy Torvanger si forklaring i retten.
- Det var eit ordenteleg prestisjeprosjekt for dei å leverer, sa Torvanger.
No må Torvanger bu seg på ei ny runde i retten.
- Vår klient må berre ta dette til etteretning, seier Vidar Riksfjord, som er advokat for Nergårdkonsernet.
Dommen kom 9. september. Då var bygginga av fabrikken i full gang, med testproduksjon i desember i år som mål.
No er det klart at motparten, Pelagia-konsernet, ankar dommen.
- Anken sendes, skriv konsernsjef Egil Magne Haugstad i Pelagia i ei tekstmelding til NETT NO. Ankefristen går ut neste veke.
Strid om klausul
Pelagia meiner tomta Nergård byggjer på har ein klausul som forbyr Nergårdkonsernet å byggje fiskemjøl og- oljefabrikk der. Klausulen skriv seg - i følgje Pelagia - frå den gong dåverande Welcon-sjef Arne Stang kjøpte tomta. Wlecon er i dag ein del av Pelagia-konsernet, medan Arne Stang er blitt storeigar i Nergård-konsernet.Det synet fekk Pelagia ikkje Fjordane tingrett med på.
"Pelagia har tapt saken fullstendig", heiter det i dommen.
- Min openberre vurdering er at dette er ei fullstendig feil slutning, og at den bør ankast, sa Haugstad rett etter at dommen blei offentleg. Det er ei vurdering som også styret i Pelagia er samd.
Vil ha fabrikk
- Vi syns det er positivt å få konkurranse om råstoffet, sa administrerande direktør Audun Maråk i Fiskebåt, bransje- og arbeidsgivarorganisasjonen for eigarane av havfiskeflåten, då dommen fall.I dag er det to aktørar som tek mot pelagisk fisk og råstoff for produksjon av fiskeolje og fiskemjøl, Pelagiakonsernet og Vedde Sildoljefabrikk. Vedde Sildoljefabrikk er ein del av danske Triple Nine Group.
Maråk vil gjerne han ein tredje aktør og vona dommen i tingretten skulle sette punktum for striden.
- Vi får avvente og sjå om folk brukar fornuft eller ufornuft, sa han då dommen kom.
Satsar kvart milliard
Då rettsaka mellom Pelagia og Nergård starta 11. august hadde Nergård-konsernet investert mykje i det komande anlegget. Prislappen på anlegget er berekna til ein kvart milliard kroner, og Nergård hadde allereie bunde seg opp til å betale 190 millionar kroner, kom det fram i retten.Den største investeringa er produksjonsutstyret frå den danske utstyrsleverandøren Haarslev.
Beløpet var på 21 millionar euro, 190 millionar kroner etter dagens kurs. Danskane hadde aldri inngått ei større kontrakt, i følgje konsernsjef Tommy Torvanger si forklaring i retten.
- Det var eit ordenteleg prestisjeprosjekt for dei å leverer, sa Torvanger.
Publisert: 08.10.2015 16:03
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:47