Pengemaskina durar vidare
Giørtz-konsernet sett nye rekordar og held fram med stort utbyte.
Sula-konsernet H I Giørtz Sønner sette nye rekorder på fleire vis i fjor. Omsetninga kraup nye 59 millionar oppover, og enda med ny rekordomsetning på knappe 3,9 milliardar kroner.
Verksemda fekk også eit nytt toppår når det kom til overskotet. Etter at overskot før skatt første gong bikka 100 millionar i 2021, peika pilane vidare opp etter at rekneskapen for 2022 er gjort opp.
113,5 millionar kroner før skatt, er nytt rekordoverskot for konsernet (sjå tabell under).
H I Giørtz Sønner | |||
Årsresultat (i mill kr) | 2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 3.876 | 3.817 | |
Driftsresultat | 107,4 | 98,1 | |
Resultat før skatt | 113,5 | 100,2 |
Solid økonomi
Prisøkning og organisk vekst, er forklaringa som blir gitt i årsrapporten frå konsernet som no er offentleg.
Likviditeten blir omtalt som god og utviklinga følgjer dei langsiktige planane til selskapet, heiter det vidare.
Eigenkapitalen ved utløpet av 2022 var på 380 millionar kroner og selskapet hadde ikkje langsiktig gjeld.
Les også
Nytt stort utbytte
Engroshandelen til daglegvare og serveringsmarknaden har vorte ein pengemaskin. Dei siste ti år er det teke utbytter på kring 200 millionar.
Eigarane tek ut eit nytt stort utbytte på 40 millionar kroner etter fjoråret - det same som i 2021.
I 2012 og 2013 vart det teke utbytte på ti millionar årleg. I åra etterpå, frå 2014 til 2020, var det årlege utbytte på 20 millionar, før doblinga i 2021.
Plukkrobot meir forseinka
H I Giørtz Sønner samarbeider med Solwr i forsking og utviklingsprosjekt, og har vore med å utvikle ein plukkrobot som skal effektivisere arbeidet.
Dette arbeidet er forseinka igjen - denne gongen grunna manglande integrasjon mot ERP-system (ressursplanleggingssystem, journ. anm.). Den første versjonen av roboten er sanert, og versjon nummer to skal overleverast i løpet av året, blir det opplyst i årsrapporten.
Konsernet er også medeigarar i ein rekke daglegvarebutikkar på Sunnmøre og i Nordfjord. Eigarskapen er flytta over til H I Giørtz Holding, saman med fleire eigedomsselskap i Ålesund-området. Ørsta, Herøy og Hornindal.
NETT NO fekk ikkje kontakt med administrerande direktør Egil Giørtz for å kommentere resultatet måndag.
Les også
Publisert: 17.07.2023 14:12
Sist oppdatert: 17.07.2023 14:09