Pilene peikar oppover for Tredet
Volda sine største fotballkjendisar og 65 andre lokalpatriotar stilte opp for å få nytt liv i gamal møteplass.
Måten initiativtakarane bak Tredet kulturkafé i Volda har organisert seg på, er delingsøkonomi i praksis.
Då lokala til den tradisjonsrike puben Det Grøne Treet hadde stått tomme i lang tid, kjende eit knippe voldingar på kjensla av at noko mangla.
Dei bestemte seg for å starte opp noko eige, resultatet blei Tredet. I dag er dei 68 aksjonærar, som alle eig kvar sin andel av bedrifta.
68 eigarar bak initiativet
Jens Dankertsen er styreleiar i Tredet, og han fortel at det er stor spreiing blant aksjonærane. Både i alder og kor dei held til i landet.
Med på laget har dei mellom anna dei kjende fotballprofilane Lars Arne Nilsen, Ørjan Håskjold Nyland og Sivert Heltne Nilsen.
- Felles for dei som ikkje bur her er at dei ønsker å ha ein plass å treffast på når dei kjem heim att til bygda, seier Dankertsen.
Nokre av andelseigarane er meir engasjerte enn andre, og stiller flittig opp på dugnadsarbeid, medan somme har teke ein rolle meir i bakgrunnen av drifta som økonomisk bidragsytar.
Ein fellesnemnar som sameinar alle dei ulike medeigarane er at dei på sitt unike vis har ei tilknytning til lokalsamfunnet, og eit ønske om å bidra til å sikre ein møteplass i Volda sentrum med rom for alle, uansett alder eller interesser.
Fleire tusen dugnadstimar
Då dei skipa selskapet, spytta kvar av aksjonærane inn 10.000 kroner i oppstartskapital i selskapet. Ein stor andel av dette vart investert i oppussing av lokala.
Både aksjonærar og andre frivillige har lagt ned mange tusen dugnadstimar i arbeidet med å få Tredet klart til opning, og i tida sidan kulturkafeen opna dørene hausten 2021 har dei etablert seg som ein viktig arena for lokalsamfunnet.
- Tredet skal vere ein kulturkafé for dei fleste. Musikk og kultur står sentralt, og vi har skapt det eg vil kalle ei relativt kjend scene i området, der både lokale og ikkje-lokale band og musikarar kjem og underheld, fortel Jens Dankertsen.
Han er oppteken av at alle som vitjar kafeen, uansett bakgrunn eller føremål, skal kjenne seg velkomen.
Tøffe tak
Trass i mengder av arbeidslyst, pågangsmot og stor støtte i lokalmiljøet, gjekk det i motbakke for Tredet den første tida. Koronanedstengingar, avlyste julebord og redusert aktivitet i samfunnet gjorde oppstarten utfordrande.
- Det er hardt arbeid å få det til å gå rundt, det kostar mykje å drive ei bedrift som denne. I 2022 var det stramt. Vi hadde ein ganske vanskeleg start med nedstenging, men dei tilsette la seg i selen og har verkeleg stått på, fortel Dankertsen.
Trass i dei utfordrande arbeidsvilkåra kom Tredet seg heilskinna gjennom stormen, og avslutta året med ein resultatmargin på minus 0,33 prosent.
Dei tilsette har arbeidd målretta og strukturert for å få verksemda til å gå rundt. Innsatsen har betalt seg, og no peikar pilene rett veg.
Ifølgje styreleiar så fungerer det slik i Tredet at styret legg rammene for drifta, og dei tilsette må gjere jobben.
Det har dei i følgje Dankertsen gjort bra. Han fortel at dei arbeider aktivt med å finne trekkplaster og spennande arrangement som kan bidra til å skape aktivitet.
- Vi har veldig flinke personale, all ære til dei, seier han.
I Tredet har dei ikkje teke stilling til om dei ønsker å få fleire aksjonærar med. Dankertsen fortel at det var oppe til diskusjon i fjor vinter, då pandemi og mangel på gjestar tæra på finansreservane, men at dei enda opp med å ikkje gå vidare med tankane.
Meir enn ein uteplass
- Når vi ser framover no, så har vi i 2023 sett ein auke i talet på besøkande, og omsetninga vår har auka, fortel styreleiar Dankertsen.
Martine Monsholm er tilsett ved Tredet, og fortel at dei har eit stort tilbod av både varmmat, kaker og påsmurt.
- Det er ganske rolig på dagtid i vekene, men i helgene er det stappfullt, fortel Monsholm.
Ho trur ein del av forklaringa kan ligge i at folk ikkje er klare over at Tredet er meir enn ein uteplass.
- Omsetninga vår kjem i stor grad frå utelivsgjestar fredag og laurdag, seier Jens Dankertsen.
Trass i at pilene peiker no riktig veg for bedrifta, fortel Dankertsen at dei ikkje kan sleppe opp grepet heilt enno.
- Det er stramme budsjett og harde prioriteringar heile vegen, og vi ser kontinuerlig på kva aktivitetar og tilbod som løner seg, seier han.
Dankertsen fortel at særleg kafédrifta på dagtid har vist seg utfordrande å få til å gå rundt - reint finansielt.
- Folk er vanedyr, det tek tid å endre mønstra til folk, legg han til.
Held ope heile sommaren
At Volda sentrum er tomt om sommaren er kjend for mange. Tredet-styret vurderte om dei skulle halde stengt i juli, men bestemte seg for å halde ope som vanleg.
Dankertsen fortel at juli i fjor viste seg å bli en overraskande god månad, og at dei håper å gjenta suksessen i år.
- Det er mellom anna mange studentar som er heimkomne for sommaren, og håpet er at dei nyttar seg av Tredet når dei treffast, seier han.
Han fortel at gjengen bak Tredet også håper på at turistar på gjennomreise vel å ta ein tur innom kulturkaféen.
Positivt med konkurranse
Dei siste par åra har det starta ei rekke restaurant- og utelivsbedrifter i Volda sentrum. Restauranten Brør, eit steinkast unna, har blitt ein stor suksess, og nyleg har Holmen Mat og Drikke starta opp i lokala til gamle Geiranger Bakeri.
Styreleiar Dankertsen ser positivt på utviklinga.
- Eg er av oppfatninga at aktivitet skaper aktivitet. Litt konkurranse gjer berre godt, og det skjerpar ein, seier han.
Tal i millionar NOK | ||
Tredet AS | ||
2022 | 2021 | |
Driftsinntekter | 6,1 | 2,0 |
Driftsresultat | -0,02 | -0,4 |
Resultat før skatt | -0,02 | -0,4 |
Publisert: 08.07.2023 05:00
Sist oppdatert: 10.07.2023 09:39