Det er det svenska morselskapet til norske Waves4Power som nett no er i kapitalmarknaden for å få inn inntil 20 millionar dollar, 190 millionar kroner, i ny eigenkapital i selskapet. Det seier dagleg leiar Jonas Kamf til NETT NO.
Waves4Power hadde ei bøye som produserte elektrisk kraft utanfor Runde fram til desember 2017. Då vart den tatt opp og selskapet starta arbeidet med å vidareutvikle bøya. No er planen å sette den ut på nytt i haust. Neste år skal også ei av den nye generasjonen bøyer plasserast ut ved Runde, anten som erstatning for den gamle, eller ved sidan av.
I løpet av 2021 er målet å ha mellom sju og ni andre generasjons bøyer klare, i følgje Kamf.
Seks av dei skal plasserast i ein bølgjekraftpark ved Orknøyane, i eit prosjekt som er delvis finansiert av EU.
Kamf seier selskapet også er i forhandlingar om sal til heilt kommersielle bølgjekraftverkanlegg.
Men etterpå har det gått trått.
Planen om å starte montering dei nye bøyene på i Ulstein Verft sin gamle verkstadshall i Vanylven i 2017 blei det ikkje noko av, men Jonas Kamf seier planen framleis er at bøyene skal monterast på Sunnmøre.
Eigaraen, Waves4Power AB, har i år gjort gjeld om til eigenkapital, og vil tilføre naudsynte midlar for å halde drifta i gang, i følgje årsmeldinga for 2019.
Waves4Power hadde ei bøye som produserte elektrisk kraft utanfor Runde fram til desember 2017. Då vart den tatt opp og selskapet starta arbeidet med å vidareutvikle bøya. No er planen å sette den ut på nytt i haust. Neste år skal også ei av den nye generasjonen bøyer plasserast ut ved Runde, anten som erstatning for den gamle, eller ved sidan av.
I løpet av 2021 er målet å ha mellom sju og ni andre generasjons bøyer klare, i følgje Kamf.
Seks av dei skal plasserast i ein bølgjekraftpark ved Orknøyane, i eit prosjekt som er delvis finansiert av EU.
Kamf seier selskapet også er i forhandlingar om sal til heilt kommersielle bølgjekraftverkanlegg.
Kongen kom på besøk
I september 2017 slo selskapet på stortromma, med offisiell opning av det første bølgjekraftverket sitt - rett nok berre med ei bøye - ved Runde. H.M. Kong Harald sto for opninga som blei markert i Fosnavåg med talar og musikk.Men etterpå har det gått trått.
Planen om å starte montering dei nye bøyene på i Ulstein Verft sin gamle verkstadshall i Vanylven i 2017 blei det ikkje noko av, men Jonas Kamf seier planen framleis er at bøyene skal monterast på Sunnmøre.
Gjorde om gjeld
Waves4Power as hadde eit underskot på 4,6 millionar kroner og ein negativ bokført eigenkapital på 2,7 millionar kroner i 2019.Eigaraen, Waves4Power AB, har i år gjort gjeld om til eigenkapital, og vil tilføre naudsynte midlar for å halde drifta i gang, i følgje årsmeldinga for 2019.
Publisert: 30.09.2020 14:14
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:03