Planlegg vekst etter emisjon og korona
GJ Machine skal gå frå 16 til minst 20 tilsette på eitt år, og satsar på nye kundar i utlandet etterkvart som koronaepidemien slepp taket.
Gjennom ei kapitalutviding er selskapet Trolltunga Robotics blitt eigar av 51,3 prosent av robotiseringsspesialisten GJ Machine på Skodje.
Den kapitalutvidinga gjer det mellom anna råd å konkurrere om større prosjekt enn selskapet kunne før, både fordi selskapet har større økonomisk tyngde i ryggen og fordi det no er ein del av eit konsern med fleire bedrifter som også arbeider med robotisering og automatisering.
Det seier Gunnar Johnsen, som saman med ektefellen Lisbet held fram i selskapet, og som eigarar av restene av aksjane. Dei to grunnleggarane av GJ Machine skal også ha styreplass, og har ingen planar om å trekke seg tilbake.
- Så lett slepper vi ikkje babyen vår, seier Johnsen.
Les også
Fleire folk
Gunnar Johnsen vil ikkje kommenter kor stor kapitalutvidinga er i kroner, men seier planen er at GJ Machine skal gå frå 16 til minst 20 tilsette i løpet av eitt år.
Behovet for fleire folk venta selskapet mellom anna vil kome frå vekst i utlandet. Koronaepidemien har i praksis hindra selskapet i reise ut og besøke potensielle nye kundar, og bremsa veksten ute, men Johnsen håpar eksportemarknaden snart opnar seg igjen etterkvart som fleire og fleire blir vaksinerte.
GJ Machine har mellom anna utvikla ei ny automatisert produksjonsline for madrassprodusenten Wonderland på Åndalsnes, og hjelpt Vartdal Plast med å automatisere produksjon og pakking av fiskekasser.
Både madrass- og emballasjeindustrien er bransjar GJ Machine vil arbeide vidare med etter å ha blitt ein del av Trolltunga Robotics-konsernet. Selskapet arbeider og med automatisering og robotisering av næringsmiddelindustri og for anlegg for anodereparasjon for smelteverkindustrien.
Fem gangar større
Målet til GJ Machine er å vekse frå 24 til 125 millionar kroner i driftsinntekter i 2025, sa Lisbet Johnsen då ho presenterte selskapet på arrangementet Investormatch hos ÅKP i Ålesund i fjor.
I 2020 hadde selskapet 24,7 millionar kroner i driftsinntekter og eit resultat før skatt på 0,1 millionar kroner.
Presentasjonen vart halden i samband med at selskapet arbeidde for å få inn ny kapital og medeigarar.
GJ Machine hadde berekna at selskapet trengde 16 millionar kroner for å finansiere den planlagte veksten, men opna for å hente inn inntil 18 millionar kroner i den komande kapitalutvidinga, sa Johnsen på arrangementet.
Publisert: 14.06.2021 16:04
Sist oppdatert: 14.06.2021 16:41