- Dette var veldig gledeleg, og viser at vi har gjort mykje rett, seier kommunikasjonsdirektør Anette Bonnevie Wollebæk ved Rolls-Royce Marine.
Frå hovedbasen ved Norsk Maritimt Kompetansenser i Ålesund har ho ansvaret for rundt 3000 Rolls-Royce Marine-tilsette i Norge.
- Eg trur at all fokuset rundt kompetansesenteret og vårt opplæringssenter her, har ført til at mange har fått opp augene for kva vi driv med.
Rolls-Royce Marine kjem på 12. plass innan teknologi, i ei rangering som vert toppa av Statoil og Aker Solutions.
- I fjor var vi nummer 21, og vi er førnøgde med å gå fram ni plassar.
- Som ei avansert teknologibedrift, er det også på denne klåringa vi ønskjer å vere fremst, seier Bonnevie Wollebæk.
I tillegg til Rolls-Royce Marine er det berre Vard av bedrifter på Nordvestlandet som er inne på listene. Vard er på 98. plass av totalt 100 bedrifter i teknologi.
- Etter mitt syn fortener fleire bedrifter i regionen å kome inn på ei slik liste, seier Bonnevie Wollebæk.
- Vi har til ei kvar tid eit tjuetals ledige stillingar, og vi ønskjer fleire søkjarar.
- Det er ikkje til å kome forbi at den geografiske plasseringa i utgangspunktet ikkje gjer oss til norges mest attraktive arbeidsplass, men derfor er det ekstra gledeleg at vi no klatrar oppover på denne popularitetsstatistikken.
Frå hovedbasen ved Norsk Maritimt Kompetansenser i Ålesund har ho ansvaret for rundt 3000 Rolls-Royce Marine-tilsette i Norge.
- Eg trur at all fokuset rundt kompetansesenteret og vårt opplæringssenter her, har ført til at mange har fått opp augene for kva vi driv med.
6400 spurde
Det er Universum som presenterer resultata av undersøkinga i eit eige bilag i Dagens Næringsliv i dag, torsdag 12. desember. I Universum Professional Survey 2013 har ein spurt over 6400 aktive yrkesutøvarar om kven dei rangerer som dei mest attraktive arbeidsgjevarane. Undersøkinga spenner over områda økonomi, teknologi og IT.Rolls-Royce Marine kjem på 12. plass innan teknologi, i ei rangering som vert toppa av Statoil og Aker Solutions.
- I fjor var vi nummer 21, og vi er førnøgde med å gå fram ni plassar.
- Som ei avansert teknologibedrift, er det også på denne klåringa vi ønskjer å vere fremst, seier Bonnevie Wollebæk.
Fleire fortener plass
Rolls-Royce er også inne på 45. plass på lista over økonomi. Også her toppar Statoil og Aker Solutions, men innanfor IT er det Google og Microsoft som er på topp.I tillegg til Rolls-Royce Marine er det berre Vard av bedrifter på Nordvestlandet som er inne på listene. Vard er på 98. plass av totalt 100 bedrifter i teknologi.
- Etter mitt syn fortener fleire bedrifter i regionen å kome inn på ei slik liste, seier Bonnevie Wollebæk.
Ønskjer fleire søkjarar
Ho håpar og trur at det auka fokuset på Rolls-Royce Marine vil gjere det lettare å tiltrekkje seg fleire og betre jobbsøkjarar.- Vi har til ei kvar tid eit tjuetals ledige stillingar, og vi ønskjer fleire søkjarar.
- Det er ikkje til å kome forbi at den geografiske plasseringa i utgangspunktet ikkje gjer oss til norges mest attraktive arbeidsplass, men derfor er det ekstra gledeleg at vi no klatrar oppover på denne popularitetsstatistikken.
Publisert: 12.12.2013 14:22
Sist oppdatert: 10.02.2021 13:30