Prata om møbelutfordringar i Sykkylven
Framtidsutsikter, forbrukartrendar og berekraft på agendaen.
Torsdag arrangerer Norsk Industri bransjetreff for møbelindustrien i Sykkylven kulturhus. Temaet for årets treff er framtidsutsikter, berekraft og konkurransekraft.
Eitt av hovudpoenga som blei lagt fram, var at dei høge rentene gjer at husholdningar ikkje lenger kjøper så mykje møblar, samanlikna med boomen bransjen hadde under korona.
Spår rente på minst 4,5 prosent i ti år
Breidden er stor i foredragshalderane. Først ut var seniorøkonom Kristian Tafjord i Sparebanken Møre som prata om utviklinga i kjøpevaner, rentenivå og ulike bransjar.
Avslutningsvis fortalde han at folk må vente at rentenivået vil halde seg høgt dei neste ti åra, med ein spådom om at den aldri vil falle lågare enn 4,5 prosent fram til 2033.
– Dette krever at vi som bank, og dokker som bedrifter må vere omstillingsdyktige.
- I saka under kan du lese korleis det står til med lokal møbelbransje:
La fram tal for møbelkjøp
59 prosent av 1,5 millionar husholdningar har kjøpt interiørprodukt dei siste tolv månadene. Samtidig har 38 prosent nær éin million husstandar kjøpt møblar i same periode.
Dette blei presentert av Kåre Elnan i Prognosesenteret, som prata om forbrukartrendar.
– Den viktigste årsaka til at folk kjøper møblar, er heldigvis at folk vil erstatte produkter som er utslitt eller øydelagt.
Når det gjeld interiørprodukt svarar folk flest at dei berre har lyst på noko nytt. Fleire enn før kjøper også brukte møblar samanlikna med før.
Vilje til å kjøpe norsk
Heile 53 prosent av respondentane vel bevisst norske merkevarer for å støtte norske bedrifter.
Samtidig er det litt over 40 prosent av dei spurte, som ikkje veit kva land møblane dei har kjøpt er produserte i.
Kvinner i alderen 45-51 år er dei som hentar mest inspirasjon til val av møblar, eller interiørprodukt gjennom sosiale medium. Yngre folk vil heller møte opp fysisk i butikken og sjå produkta, viser undersøkinga frå Prognosesenteret.
Publisert: 02.11.2023 13:30
Sist oppdatert: 02.11.2023 13:31