Frank Willy Utgård Jarnes Møbler foto Ogne
MOTSTRAUMS: Medeigar i Jarnes Møbler, Frank Willy Utgård, har gode grunnar til å glise. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Oppsving for lita bedrift når andre har tøffare tider

Ligg an til 25-30 prosent vekst. Stabil eller dårleg ordreinngang for dei fleste andre i møbelindustrien.

Stabilt dårleg. Slik beskriv Geir Hoff i Sitwell ordreinngangen i år.

Han peikar på at under koronaen blei det kjøpt mykje, men at rente og dyrtid no påverkar kjøpelysta til kundane.

Den siste månaden har det vore ein liten oppsving for Sitwell, men Hoff trur bedrifta med ni tilsette vil få det tøft framover.

Hoff og Sitwell er ikkje åleine om merke at møbelbransjen har fått meir utfordrande tider.

NETTNO har prata med fleire av møbelprodusentane på Nordvestlandet. Felles for dei fleste er at ordreinngangen er stabil eller dårleg, og at dei permitterer færre enn tidlegare.

Ein betre haust
Fleire av møbelprodusentane seier at året 2023 starta ganske dårleg. Nokre måtte permittere tilsette, eller i verste fall seie opp folk.

Ordreinngangen var dårleg. Høge renter og prisar får skulda for dette: Folk sparar meir, i tillegg til at dei no får reise til utlandet igjen, som gjer at fleire brukar sparepengane på opplevingar.

Seint om sommaren i år begynte det å snu. Ordreinngangen har auka, og dei fleste permitterte har kome tilbake i jobb.

Likevel trur mange av selskapa at utsiktene ikkje blir gode før mot slutten av 2024.

I morgon møtes bransjen på det årlege bransjetreffet i Sykkylven, i regi av Norsk Industri i samarbeid med Sykkylven Næringslag. Les programmet her

Mot straumen
Ikkje alle møbelprodusentane slit. I vesle Jarnes Møbler AS opplever dei ein veldig god ordreinngang.

– Vi har hatt god auke. Med vår bemanning så er vi fullbooka ut januar neste år, seier dagleg leiar og medeigar Bjørn Idar Lyngvær.

Grunnen til auken trur han er fordi dei er små, og produserer spesialprodukt. I tillegg leverer dei mykje til offentleg og privat sektor.

Dei dobla omsetninga frå 2021 til 2022, medan auken frå 2022 til 2023 til no ligg på mellom 25-30 prosent.

Til no har dei leigd inn folk om dei treng det, men utsiktene ligg til rette for at dei kan tilsette fleire i framtida.

Bjørn Idar Lyngvær
OVERRASKING: Jarnes Møbler går mot straumen, og har stor ordreinngang. Dagleg leiar og medeigar Bjørn Idar Lyngvær seier selskapet er fullbooka ut januar neste år. Foto: Ogne Øyehaug

Pluss etter tre minuskvartal på rad
På måndag la Ekornes fram sine kvartalsresultat. Der kom det fram at etter tre kvartal med minusresultat, gjekk dei i pluss i tredje kvartal i år.

Konsernet har sagt opp tilsette og kutta lønskostnadane fra 290 millionar kroner i tredje kvartal 2022 til 248 millionar kroner i same kvartal i 2023.

Saman med reduserte råvare- og fraktprisar medverka det til at samla driftskostnadar vart redusert frå 1071 til 861 millionar kroner i same periode.

Etterspurnaden etter varer har likevel bremsa opp etter korona-boomen.

Ordreinngangen i tredje kvartal er framleis svakt, men Ekornes-konsernet trur etterspurnaden vil ta seg opp etter tid. Dei veit likevel ikkje kor lang tid dette vil ta.

Ekornes
PLUSS: Etter tre minuskvartal, kan konsernsjef Tine Hammernes Leopold smile for plussresultat i tredje kvartal. Foto: Marius Rosbach / Ekornes

Ligg under fjoråret
Slettvoll har landa på jorda igjen etter eit rekordresultat i 2022. Ordreinngangen deira er godt under fjorårsnivået.

– Året starta svakt, men hausten er betre enn i 2022, seier Bjørn Helge Vik.

Dei førebur seg no på eit tøft 2024, og arbeider med å ta ned kostnadane. Likevel er dei i gang med å etablere eit permanent showroom i Palma, Mallorca.

Selskapet har 84 tilsette, og dei har teke ned talet på årsverk med 10 prosent i løpet av året. Dei har ingen oppseiingar, men det har vore nokre permiteringar og naturlege avgangar. Ingen er permiterte per dags dato.

– Dette er ein øvelse vi må igjennom. Det er ingen grunn til å gå i kjellaren, men heller bruke perioda som ei mulegheit for å bygge ein meir robust forretningsmodell.

Bjørn Helge Vik Slettvoll foto Ogne
BETRING: Hausten for Slettvoll og Bjørn Helge Vik har blitt betre, etter ein svak start på året. Foto: Ogne Øyehaug

Svingar nedover i Stryn
Også i Stryn & Tonning har dei hatt ein ordrenedgang, med 15 prosent bak fjoråret.

– Slik situasjonen i marknaden er no, forventar vi dette vil vare ei stund framover, seier Silje Vollan.

Dei har hatt nokre permiteringar tidlegare i år, med nokre som framleis er ute. Vollan håper dei skal klare å halde på bemanninga si.

Betre enn i fjor
I Formfin slit dei med å bygge ordrereserven til det som er vanleg. Likevel har dei klart å få ei betre omsetting i september enn same månad i fjor.

– 4. kvartal i fjor var det verste på veldig lenge, så vi håpar på eit betre fjerde kvartal i år. Det er mange faktorar som forbrukargjeld og renteauke som vi ikkje rår ved som kan påverke, seier Geir Ove Vegsund.

Han er frustrert over at det er vanskeleg å ha klare formeiningar om kva som kan forventast framover, som gjer planlegginga meir krevjande.

Selskapet har hatt nokre oppseiingar og naturlege avgangar i år, men at dei no har justert kapasiteten slik dei har effektiv drift.

Stolar blir selt, men ikkje sofaer
Også i Brunstad forventar dei eit krevjande 2024. Dei ligg litt etter fjoråret på ordreinnganger.

Dei får selt stolar, mens det er nedgang på sofa-sal.

– Etter sommaren har det vore ok. Både i oktober og september har vi hatt betre tal i år enn i fjor. Den store utfordringa er at varekosten er dyrare, seier Ronny Bjøringsøy i Brunstad.

No er selskapet i gang med å bygge opp ei kontraktsavdeling, som Bjøringsøy meiner vil hjelpe om dei får svakare salstal.

Ronny Bjøringsøy innfelt Brunstad foto Ogne
STOL I SYKKYLVEN: I fabrikken i Sykkylven (biletet) produserer Brunstad stolar. I Estland blir det laga sofaer, som har merka størst negativ endring i salet. Innfelt Brunstad-sjef Ronny Bjøringsøy. Foto: Ogne Øyehaug

Omstilling
Stordal Møbler hadde ein svak ordreinngang i første tertial, men frå juni av har den teke seg opp.

– Vi forventar at inngangen til neste år blir på nivå med 2023, men at det vil bedre seg utover mot hausten 2024, seier Ole-Håvard Stavseng.

No har selskapet 25 tilsette, mot 30 ved inngangen til 2023. Dei hadde permitteringar frå februar til juni, men det har også vore fleire som har pensjonert seg.

Selskapet er i ferd med å sluttføre ein snuoperasjon, der dei har restrukturert og refinansiert.

– Her i ligg omstilling inn mot nye marknadssegment, som vi allereie ser resultata av, seier Stavseng.

Publisert: 01.11.2023 10:35

Sist oppdatert: 01.11.2023 18:57

Mer om