Pressekonferanse om korona
Halvtanna år etter at samfunnet stengde ned, kan siste fase av gjenopninga vere på trappene.
NPK-NTB-Steinar Schjetne: Regjeringa varslar nyheiter om koronasituasjonen i ettermiddag. Det er ikkje gitt informasjon om kva regjeringa vil kunngjere på pressekonferansen klokka 12.30 fredag. Men den siste fasen av gjenopninga av samfunnet – som skal innførast når vaksinasjonsgrada er høg nok og trykket på helsevesenet kontrollerbart – er like om hjørnet.
Sjå pressekonferansen klokka 12:30 direkte eller i opptak her
No viser reproduksjonstalet at smittetrenden er markant minkande og vaksinasjonsgrada oppovergåande.
Torsdag hadde 76,2 prosent av befolkninga fått første dose, medan 66,5 prosent av befolkninga var fullvaksinerte. For befolkninga over 18 år er andelen 90,5 og 83,4 prosent.
Varsla kommunane
Måndag denne veka gjekk helseminister Bent Høie (H) ut og bad kommunane førebu seg på gjenopning av landet. I eit brev blir kommunane i landet som framleis treng koronatiltak, bede om lage eigne koronaforskrifter som skal kunne tre i kraft frå og med i dag.
Ein normal kvardag med auka med beredskap, medfører at dei fleste reglane i covid-19-forskrifta stansar.
– Nokre kommunar kan likevel ha behov for lokale forskrifter. I brevet oppmodar vi kommunane som har behov for det til å starte dette arbeidd så snart som mogleg, seier statssekretær Saliba Andreas Korkunc (H) til NTB.
I starten av september måtte statsministeren fortelje at det varsla og siste trinn 4 i gjenopningsplanen, ikkje berre vart utsett, men droppa heilt og fullt.
Trinn 4 fjerna
Den vidare gjenopninga vart utsett på ubestemd tid, men skulle til gjengjeld utvidast når ho først kjem.
– Ytterlegare opning no gir risiko for meir smitte. Den risikoen vil vi ikkje ta når det er så kort tid igjen til alle vaksne har fått moglegheit til å verne seg med vaksinar, sa Solberg.
Trinn 4, som no altså er fjerna frå planane, innebar mellom anna at:
* Tilrådinga om éin meters avstand til andre blir avvikla.
* Tilrådinga om eit maksimalt tal gjester i heimen skulle opphevast.
* Innsleppsstoppen ved midnatt og krav om bordservering på skjenkestader skulle fjernast.
Regjeringa har dessutan bestemt at ein nedjustert koronastrategi skal tre i kraft frå måndag. Det betyr at krava til kommunane blir endra i den såkalla tisk-strategien (testing, isolasjon, smittesporing og karantene).
Nedjustert TISK
Det inneber mellom anna at:
* Kommunane frå no av skal konsentrere smittesporingsarbeidet til husstandsmedlemmer og andre personar som er tilvarende nære kontaktar.
* Karanteneplikta blir innskrenka til berre å gjelde uvaksinerte i same husstand eller tilsvarande nære – som kjærastar. Og testing kan i dei aller fleste tilfella erstatte karantene.
* Det blir slutt på ventekarantene, som gjeld andre nærkontaktar – til dømes når det oppstår smitte på skular.
Har levert tilrådingar
Praktisk talt heile kostebinderiet av relevante statsrådar og fagfolk deltek under pressekonferansen i Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet: Statsminister Erna Solberg (H), helseminister Bent Høie (H), næringsminister Guri Melby (V) og justis- og beredskapsminister Monica Mæland (H), og dessutan helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.
Ifølgje TV 2 har både Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet levert sine tilrådingar til regjeringa. Helsedirektør Bjørn Guldvog har sagt til kanalen at dei to er samstemde i si vurdering.
Overfor VG gir han uttrykk for at neste steg i gjenopninga er nær.
– Jo fleire som er vaksinerte, jo lettare vil overgangen bli, og jo mindre blir risikoen for gjennombrotsinfeksjonar. Samtidig vil eg seie at det ligg innanfor eit handlingsrom å snart gå over til ein normal kvardag med auka beredskap, sa Guldvog torsdag.
Publisert: 24.09.2021 09:30
Sist oppdatert: 24.09.2021 09:47