Seaonics pris OSJ Tom Jørann Giske Efraim Kanestrøm Jarle Ødegård foto OSJ 11
FEKK PRIS: Tom Jørann Giske (t.v.) og Jarle Ødegård (t.h.) fra Seaonics, saman med Efraim Kanestrøm frå Corvus, som sponsa prisen. Foto: OSJ
Nytt

Pris for nyvinning til Seaonics

Heilelektrisk kran er årets nyvinning i offshore.

Marius Rosbach
13.02.2023

Ålesund-baserte Seaonics vann førre veke prisen for «Innovation of the Year» under London-messa OSJ (Offshore Support Journal Conference and Exhibition).

Prisen fekk selskapet for ei heilelektrisk kran kalla ECMC, for «Electric Controlled Motion Compensated»,ifølgje ei pressemelding.

Også Ulstein Design & Solutions var blant dei nominerte til innovasjonsprisen for si baug- og hekkløysing kalla «Twin-stern.

Nyvinninga til Seaonics er allereie testa i marknaden for offshore havvind og vist seg å utgjere ei betydeleg forbetring. Den første leveransen Seaonics sikra seg på krana var med Herøy-reiarlaget Rem Offshore.

Første leveranse til Herøy-reiarlag
Utdelinga av prisen skjedde i London, der produktsjef for området i Seaonics, Tom Jørann Giske, fortalde korleis dei jobbar saman med kundane for å lage best moglege løysingar.

Kring 450 bransjefolk frå store delar av verda var samla det som blir rekna som ein av dei viktigaste møteplassane for næringa.

Selskapet har også utvikla ein ny generasjon gangveg med automatisk
landingssystem som nyttar bilde- og sensorteknologi, og kompenserer for
rørslene i skipet.

Pluss etter tøffe år
Seaonics er heleid av Vard-konsernet og har spesialisert seg på løfte- og håndteringsteknologi – som kraner og liknende.

2021-resultatet viste at utstyrsleverandøren klarte snuoperasjonen med å få drifta i pluss, etter noen svært tøffe år. Omsetninga skjøt i været og resultatet endte i pluss.

Selskapet ha flere enn 100 ansatte i Norge og Polen, og søkte tidligere etter flere folk for å håndtere en rekordtjukk ordrebok.

Publisert: 13.02.2023 08:52

Sist oppdatert: 13.02.2023 15:51

Mer om