Det er stiftinga DOGA (Design og Arkitektur) under Nærings- og fiskeridepartementet som deler ut dei prestisjefylte prisane.
Møbelprodusenten Fora Form får saman med designpartnerane Runa Klock, Lars Tornøe og Anderssen & Voll utdelt sine prisar onsdag ettermiddag, opplyser Pressenytt.
Les her:
Serien vart lansert tidlegare i år, og her er det henta inspirasjon frå naturen og kurvene i røtene.
Serien består no av av seks bord i ulik størrelse, form og høgde, skriv Pressenytt.
Ambisjonen er at innan 2020 skal konseptet verte det største volumproduktet innanfor bordkolleksjonen til Fora Form.
Det vankar også eit DOGA-merke på stolen 'Camp', som vart lansert under Stockholmsmessa i februar 2017.
Stolen er utvikla i samarbeid med Anderssen & Voll og er ein del av Ørsta-bedrifta si satsing på eksportmarknaden, opplyser Pressenytt.
Om Root skriv juryen følgjande: «Dette er en vellykket variasjon over det klassiske, enkle sidebordet. Inspirasjonen fra treets røtter er subtilt håndtert i det enkle understellet, og den bevisste materialbruken gjør at dette er bord som vil tåle tidens tann og eldes med verdighet.»
Om Camp står det at stolen «…har mange gode kvaliteter og løsninger, med et tidløst og elegant preg. Komponentene som armlener og fotkryss har en enkel og god detaljering som møtes på en elegant måte.»
– I år mottok vi nesten 300 søknader til DOGA-merket, og så mange som 49 tilfredsstilte dei høge krava som juryen stiller. Årets mottakarar er førebilete og gode bevis på kor høgt nivå design- og arkitekturfaga held i Norge, seier Thea Mehl, prosjektleiar for DOGAs prisar, i pressemeldinga.
Møbelprodusenten Fora Form får saman med designpartnerane Runa Klock, Lars Tornøe og Anderssen & Voll utdelt sine prisar onsdag ettermiddag, opplyser Pressenytt.
Les her:
Naturinspirert
Ein av prisane går til bordserien 'Root', ein serie som er utarbeidd saman med møbeldesigner Runa Klock frå Sjøholt.Serien vart lansert tidlegare i år, og her er det henta inspirasjon frå naturen og kurvene i røtene.
Serien består no av av seks bord i ulik størrelse, form og høgde, skriv Pressenytt.
Eksportsatsing
Fora Form og møbeldesigner Lars Tornøe mottar i tillegg DOGA-merket for 'Kvart', eit fleksibelt konferansebordkonsept meint for eksport.Ambisjonen er at innan 2020 skal konseptet verte det største volumproduktet innanfor bordkolleksjonen til Fora Form.
Det vankar også eit DOGA-merke på stolen 'Camp', som vart lansert under Stockholmsmessa i februar 2017.
Stolen er utvikla i samarbeid med Anderssen & Voll og er ein del av Ørsta-bedrifta si satsing på eksportmarknaden, opplyser Pressenytt.
Jury-ros
Om bordkonseptet Kvart skriv juryen: «Bordet fremstår som elegant og diskré med en tidløs karakter. Selve formen oppleves som harmonisk, nesten organisk, og de slanke føttene gir bordene visuelt en uanstrengt letthet. Vi liker også at Kvart kan kombineres med andre løsninger, og det passer like godt i kantinen som på styrerommet. Vi har derfor stor tro på Kvart som eksportprodukt og gratulerer Fora Form med nok et godt møbel."Om Root skriv juryen følgjande: «Dette er en vellykket variasjon over det klassiske, enkle sidebordet. Inspirasjonen fra treets røtter er subtilt håndtert i det enkle understellet, og den bevisste materialbruken gjør at dette er bord som vil tåle tidens tann og eldes med verdighet.»
Om Camp står det at stolen «…har mange gode kvaliteter og løsninger, med et tidløst og elegant preg. Komponentene som armlener og fotkryss har en enkel og god detaljering som møtes på en elegant måte.»
Mange søknader
DOGA-merket, som inntil i fjor heitte Merket for god design, vert delt ut årleg til norske arkitektur- og designprosjekt.– I år mottok vi nesten 300 søknader til DOGA-merket, og så mange som 49 tilfredsstilte dei høge krava som juryen stiller. Årets mottakarar er førebilete og gode bevis på kor høgt nivå design- og arkitekturfaga held i Norge, seier Thea Mehl, prosjektleiar for DOGAs prisar, i pressemeldinga.
Publisert: 15.11.2017 12:00
Sist oppdatert: 10.02.2021 14:16